Kristoffer Larsen Rognvik Jan Vablum tingretten Foto Marius Rosbach
SAKSØKJER: Konkursbuet er representert ved advokatane Kristoffer Larsen Rognvik og Jan Vablum (t.v.) tingretten Foto Marius Rosbach
Nytt

Strid om advokatrekninga: – Eg har ikkje sett på maken

Krev 14,5 millionar i sakskostnader for å forsvare den tidlegare Kleven-eigaren i søksmålet.

Marius Rosbach
16.11.2023

Torsdag var siste dag i søksmålet konkursbuet etter Kleven Verft har anlagt mot den tidlegare eigaren.

Etter partane hadde sine avslutningsfordrag er det tid for å legge fram krav om sakskostnader – med andre ord betaling for arbeidet advokatane på kvar si side har lagt ned i saka.

Då dei saksøkte la fram eit krav på 14,5 millionar kroner – inkludert moms – steig temperaturen fleire hakk.

– Omkostningane her er heilt hinsides. Eg har ikkje sett på maken, utbraut advokat Jan Vablum frå saksøkjarsida, før han blei avbroten av dommaren, som viste til at det ikkje var hans tur til å halde innlegg.

Motparten krev 2,2 millionar
Hans kollega for konkursbuet Kristoffer Larsen Rognvik tok opp kravet i sin replikk. Han meinte rekninga var langt høgare enn ein kunne vente.

– Den er trass alt ikkje veldig lang, og det er ganske avgrensa skriftlege bevis i saka som skal førebuast, sa Rognvik.

– At det skulle vere nødvendig å bruke så vanvitig mykje tid på saksførebuingar, stille vi oss undrande til, la han til.

Buet som har gått til søksmål, har hatt to advokatar frå Simonsen Vogt Wiig på saka. Dei la fram krav om sakskostnader på 2,2 millionar kroner.

Meiner buet fordyra arbeidet
Dei saksøkte som både representerer den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg, hatt fire advokatar - to frå Arntzen de Besche og to frå Deloitte.

Advokat Karl Rosén forsvara kravet på 14,5 millionar og meinte buet sin framgangsmåte hadde vore med å fordyre arbeidet.

Han viste til at erstatningskravet frå buet var stort – nok til å legge livsverket til Debeljak i grus – og at grunnlaget i utgangspunktet famna vidt.

– Nødvendige og rimelege kostnader
Etter at dei fekk det varsel om søksmålet, var det venta at saksøkjarane skulle kome tilbake med ei klargjering av grunnlaget nærare rettssaka. Då dette ikkje skjedde, sette dei saksøkte inn betydelege ressursar på seinsommaren og hausten.

– Det var kostnadsdrivande frå vår side, og vi må ha rett til å stille budd til retten med eit så høgt krav frå motparten, sa Rosén.

– Det er tid som har vore nødvendig for å ivareta klientens krav til ein rettargang på ein forsvarleg og rimeleg måte. Det er nødvendige og rimelege kostnader, avslutta advokaten.

Saksøkt for 136 millionar - ber om å bli frifunne
Konkursbuet har saksøkt den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak for 136 millionar kroner. Det er tap dei meiner han påførte Kleven etter at han overtok som eigar av verftet våren 2020.

Både den tidlegare verftseigaren og forsikringsselskapet Tryg, som hadde styreforsikring for kroaten, ber om å bli frifunne i saka som blei avslutta i Hordaland tingrett torsdag.

Publisert: 16.11.2023 16:17

Sist oppdatert: 16.11.2023 17:23

Mer om