Stryn vinterski
OVER STREKEN: Samla sett har Stryn Vinterski akkurat gått i pluss sidan refinansieringa etter 2014-sesongen. Foto: Stryn Vinterski
Nytt

Stryn Skisenter snudde minus til pluss

Fekk mindre inntekter, men kostnadane krympa meir i fjorårssesongen.

05.02.2025

Billettinntektene til Stryn Vinterski blei redusert med 430.000 kroner i 2023/2024 samanlikna med sesongen før. Auke i andre inntekter kompenserte berre delvis for nedgangen, men reduserte løns- og finanskostnadar gjer at selskapet snudde eit lite underskot til  eit lite overskot (sjå tabell).

Selskapet driv skianlegget ved det store hytteområdet nord for Stryn sentrum.

Etter ein 2014-sesong med berre ti driftsdagar og 5,3 millionar kroner i minus, gjekk Stryn Idrettslag inn som majoritetetseiger. Dei eig no over 90 prosent av selskapet. 

I samband med bergingsaksjonen den gong innfridde  Stryn kommune ein lånegaranti på nesten to millionar kroner og Sparebanken Sogn og Fjordane ettergav lån på 2,5 millionar.

Dei tre siste sesongane har inntektene vore over 3,7 millionar kroner. Frå og med 2015 har resultat før skatt svinga mellom knappe ein halv million kroner i minus, og 648.000 kroner i pluss. Samla sett har selskapet 60.000 kroner i overskott i perioden. 

Stryn Vinterski as  
Tal i mill. kroner2023/20242022/2023
Driftsinntekt3,74,0
Driftsresultat0,20,2
Resultat før skatt0,1-0,1
Selskapet har avvikande rekneskapsår,
som følgjer skisesongen.
  

Publisert: 05.02.2025 10:00

Sist oppdatert: 05.02.2025 10:30

Mer om