Knut arild hareide på driw 11
SAMFERDSELSSATSING: Knut Arild Hareide (KrF) legg fram korleis regjeringa vil satse på samferdsel i åra 2022 til 2033.
Nytt

La fram transportplanen - sjå pressekonferanse

For Nordvestlandet sin del var mykje av innhaldet kjent.

19.03.2021

OPPDATERT: Desse prosjekta blir prioritert - Strynefjellstunnel ikkje med

Fredag klokka 12 la regjeringa fram Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2022 til 2033.

For Nordvestlandet sin del var mykje av innhaldet kjent allereie

Samtidig er opprusting av E136 i Romsdalen overført til Nye Veier.

Satsing på fylkesvegar
Tidlegare i veka blei det også kjent at regjeringa legg opp til å bruke 16 milliardar kroner over 12 år for å redusere etterslepet på vedlikehald på fylkesvegane.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide har omtala løyvinga som ei historisk satsing. Dei første seks åra skal det brukast 825 millionar kvart år, medan det dei siste seks åra skal summen aukast til, 8 milliardar i året.

Spent på fylkesveg 60
Ordføraren i Stranda kommune i Møre og Romsdal, Jan Ove Tryggestad (Sp) er glad for regjeringa si satsing på fylkesvegar i NTP. Han er spesielt oppteken av fylkesveg 60 mellom Hellesylt i Stranda og Grodås i Hornindal, som er svært viktig for næringslivet i området.

– Vedlikehald av eksisterande fylkesvegar er noko av det viktigaste vi kan bidra med, seier han til NRK.

Fylka treng eit kraftfullt bidrag frå staten for å få bukt med forfallet
Camilla Ryste - NAF

Trur mange blir skuffa
Camilla Ryste i bilorganisasjonen NAF meiner det ikkje er nok og trur mange rundt om i landet blir skuffa.

Ho meiner at det er stort behov for betre asfalt, rassikring og å gjere smale passeringspunkt breiare, seier ho til Nynorsk Pressekontor.

– Samferdsleministeren seier at etterslepet er frå 60 til 90 milliardar. Det er oppsiktsvekkjande at det er ei usikkerheit på 30 milliardar, og det viser at fylka treng eit kraftfullt bidrag frå staten for å få bukt med forfallet, seier ho.

Publisert: 19.03.2021 10:47

Sist oppdatert: 20.03.2021 01:07

Mer om