Møreaksen innfelt helge orten lena landsverk sande illustrasjon statens vegvesen 11
MØREAKSEN: Tunnel- og brusambandet Møreaksen gjer det mogleg å krysse Romsdalsfjorden ferjefritt. Helge Orten og Lena Landsverk Sande (begge innfelt) presenterte onsdag lekkasjar frå transportplanen, saman med Harry Valderhaug. Illustrasjon: Statens vegvesen/skjermdump
Nytt

Møreaksen inne i transportplanen

– Ei historisk satsing for Møre og Romsdal, seier Helge Orten (H) som trur på oppstart innan to-tre år.

Marius Rosbach
10.03.2021

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) kunne saman med Harry Valderhaug (Krf) og Lena Landsverk Sande (V) stadfeste at Møreaksen er inne i forslaget til komande Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022 til 2033.

– Dette er ei historisk satsing for Møre og Romsdal at E39 frå Ålesund til Molde ligg inne i Nasjonal Transportplan, innleia Orten under eit digitalt møte med pressa.

2,5 mrd. i første periode
Strekninga inkludert fjordkryssinga Møreaksen, er anslått å koste 24 milliardar etter at Statens vegvesen har kutta kostnadene. Ein del av dette skal betalast med bompengar.

Orten fortel at prosjektet ligg inne med 2,5 milliardar kroner i første seksårsperiode, medan dei resterande statlege løyvingane skal kome i siste halvdel av planperioden.

– Eg er utruleg glad for at Høgre, saman med KrF og Venstre, har klart å få dette på plass, la Orten til.

Det er motkrefter, men vi håpar vi kan samlast i regionen
Harry Valderhaug


Trur på oppstart i 2023/24

Statens vegvesen har anslått at det er mogleg å starte opp prosjektet i 2023/24, og Orten meiner fjordkryssinga blir det viktigaste å starte med.

Om alt går etter planen slik regjeringspartia ønsker, kan strekninga vere klar til å takast i bruk kring 2030.

Det er venta at forslaget for transportplanen som skal gjelde fram til 2033, blir lagt fram neste veke.

Avhengig av fleirtal
Det står att å få fleirtal for forslaget i Stortinget. Her har allereie Framstegspartiet varsla at dei ikkje vil støtte ein transportplan som inneheld Møreaksen.

– Det er motkrefter, men vi håpar vi kan samlast i regionen, kommenterte Harry Valderhaug undervegs.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Frp, så vi kjem nok til å sette oss ned å snakke med Frp om denne transportplanen. Elles er det i utgangspunktet eit breitt fleirtal for dette prosjektet i Stortinget. Det ventar eg at det framleis er, la Orten til.

Eksportvegen til Nye Veier
I førre veke blei det klart at ansvaret for å bygge E136 mellom Dombås og Vestnes, er flytta over til det statseigde selskapet Nye Veier.

Det skal ikkje byggast ny veg, men strekninga skal mellom anna bli breiare, få krabbefelt i motbakkane og tryggare avkøyrsler.

E39 mellom Volda og Ålesund med Hafast er ikkje inne med midlar i transportplanen, men Harry Valderhaug trur grønt lys for Møreaksen kan påverke positivt.

– I høve til Hafast er det viktig for regionen at dette arbeidet blir sett i gong, sa Valderhaug.

Publisert: 10.03.2021 11:18

Sist oppdatert: 11.03.2021 17:29

Mer om