Brødrene Aa JUL 6
HAR OPPDRAG: Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa under ein katamaran under bygging i Hyen. Styrleiar Gustav Johan Nydal fortel av verftet ved konkursen har fleire oppdrag og også kontraktar som ikkje er påbegynt. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Styreleiar trur på ny drift i Hyen

Nye investorar må med for å få hurtigbåtverftet i gang igjen.

30.05.2025

– Vi vurderer sjansen for ny drift som ganske stor, men det er framleis for tidleg å svare på korleis vi skal får det til, seier styreleiar Gustav Johan Nydal i Brødrene Aa få timar etter at han sende ut pressemelding om at hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen har meldt oppbod.

Krisa for hurtigbåtverftet kom til syne 2. april i år, då reiarlaget Norled kansellerte først den eine så dei to andre av tre hurtigbåtar Brødrene Aa skulle levere. 

Sidan ha Nydal sin jobb vore å berge verftet frå skifteretten, men i løpet av denne veka byrja han å innsjå at det ikkje ville gå. 

Med meir pengar og meir tid trur han det skulle vere råd å finne ei løysing, men no var kassa tom og styret hadde ikkje anna val enn å melde oppbod.

– Det er veldig mange partar som er involvert, seier Nydal.

170 tilsette råka
Om lag 170 tilsette er råka av konkursen, dei fleste av dei i Hyen der Brødrene Aa er hovudarbeidsgivaren i bygda. 

Nydal vil ikkje kommentere kor store krav Brødrene Aa har mot seg, men seier ein av dei store kreditorane er Norled. Ifølgje Nydal har Norled varsla at reiarlaget meiner dei har pant i båtane, men seier at det kravet er uavklart.

Brødrene Aa var eigd 59,322 prosent av Aa-familien sitt eigedomselskap, Brødrene Aa Eiendom og 40,678 prosent av CKS Investment Norway, som er eigd av kinesiske Yuet Hing Marine Supplies Company.

Brødrene Aa Eiendom eig tomtene, bygningane og litt av produksjonsutstyret som hurtigbåtverftet Brødrene Aa har brukt.

Ifølgje Nydal er Aa-familien interessert i å bidra til ny drift, men han seier samstundes at ein er avhengig av ein ny investor i tillegg. Om den kinesiske medeigaren seier han at dei førebels har vore mest opptatt av å berge selskapet.

Nesten ferdig
I 2023 signerte Brødrene Aa si største kontrakt nokon gong, på tre batteridrivne hurtigbåtar til reiarlaget Norled for tilsaman 420 millionar kroner. 

To av båtane skulle trafikkere strekninga Trondheim-Kristiansund, med batteribyte undervegs. Ein skulle gå i rute i Trøndelag. Ein er på sjøen, dei to andre nesten ferdig. 

Norled kansellerte først den eine, så kontrakten på dei to andre. Grunngjeving var forseinkingar og for låg fart i høve til energiforbruket. 

Fleire kontraktar i ordreboka
I tillegg har Brødrene Aa to hurtigbåtar til i ordreboka, ein til Fjord1 og ein til reiarlaget Rødne. Verftet har óg ombyggingsoppdrag for Fjord 1 og ein kontrakt med selskapet The Fjords om ein sightseeingsbåt og ein kontrakt om ein hurtigbåt til for Rødne. 

Bygginga av fartøya til The Fjords og Rødne er ikkje starta, men kan bli ein del av oppdrag eit eventuelt nytt selskap kan ta over, ifølgje Nydal. 

Publisert: 30.05.2025 16:48

Sist oppdatert: 30.05.2025 17:38

Mer om