Future of the fjords foto Brødrene Aa
KONKURS: Omlag 170 tilsette er råka av konkursen i hurtigbåtverftet Brødrene Aa. Biletet viser den battereidrivne sighseeingsbåten Future of the fjords, som er bygd av Hyen-bedrifta. Foto: Brødrene Aa
Nytt

Tillitsvald: – Det var sjokkreaksjonar

Brødrene Aa-tilsette trudde på ei løysing for verftet då dei gjekk på arbeid tidleg fredag. Så vart det kalla inn til allmøte.

30.05.2025

– Det var sjokkreaksjonar. Alle står og diskuterer framleis, seier hovudtillitsvald Jon Vidar Storsletten til Nett No tre kvarter etter at Brødrene Aa sende ut pressemelding om at selskapet melder oppbod.

Inntrykket var forhandlingane om ei løysing for verftet var på gli, etter at reiarlaget Norled kansellerte kontraktane på tre hurtigbåtar. I staden fekk dei omlag 100 på allmøtet beskjed om at selskapet går til skifteretten og melder oppbod.

No veit dei tilsette ikkje anna enn at dei som skal arbeide i morgon skal møte på arbeid som vanleg. Det same skal dei som skal arbeide på mandag, og då reknar Storsletten med at ein bustyrar vil møte opp og orientere kva som skjer vidare.

Artikkelen blir oppdatert

Hovudarbeidsgivar
Til sommaren skal det opnast ein ny barne- og ungdomsskule i Hyen, fortel Storsletten. No er hovudarbeidsgivaren i bygda konkurs.

– Det meste dreier seg om Brødrene Aa, seier Storsletten om kva hurtigbåtverftet betyr for bygda.

Av dei omlag 170 som er råka av konkursen har 120-130 arbeidsplassen sin i Hyen.

Nesten ferdig
I 2023 signerte Brødrene Aa si største kontrakt nokon gong. Tre batteridrivne hurtigbåtar til reiarlaget Norled for tilsaman 420 millionar kroner. To av båtane skulle trafikkere strekninga Trondheim-Kristiansund, med batteribyte undervegs. Ein skulle gå i rute i Trøndelag.

Norled kansellerte først den eine, så kontrakten på dei to andre. Grunngjeving var forseinkingar og for låg fart i høve til energiforbruket. 

Publisert: 30.05.2025 14:46

Sist oppdatert: 30.05.2025 16:49

Mer om