Dag Tore Hagen Margrete Sørensen Møbelringen Hovdebygda foto Ogne
OPPSVING: Møbelringen-kjeden og butikken til Margerete Sørensensen og Dag Tore Hagen er blant møblehandlarane som auka salet også i fjor. Ikea gikk ned. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Spår liten møbelnedgang etter koronaoppturen

Nytt vekstår for Møbelringen i Hovdebygda i fjor - men i år ventar dei mindre sal. Sjå resultata for møbelhandelen på Nordvestlandet.

25.03.2022

Møbelringen-kjeden er ein av møbelkjedene som auka salet frå 2020 til 2021 viser statistikken frå bransjeorganisasjonen Virke, sjølv om møbelhandelen samla hadde ein nedgang i driftsinntektene på 2,5 prosent.

Trass i tilbakegangen selde møbelbutikkane likevel for 10,3 prosent meir i 2021 enn i 2019, siste år før koronapandeminen kom.

Det er nedturen til Ikea som gjorde at møbelhandelen gjekk litt tilbake i fjor. Ikea har ein marknadsandel på 40,4 prosent, og veg tungt i samandraget.

Møbelhandelen auka heile 13,1 prosent frå 2019 til 2020. Med to unntak hadde alle møbelbutikkane på Nordvestlandet inntektsvekst i 2020, og markert auke i lønsemda.

(Klikk på lenka under for å lese 2020-resultata)

Koronaopptur
Koronapandemine og smitteverntiltaka gjorde at folk måtte halde seg heime.

At folk ikkje har kunna reise som dei var vane med har medverka til at dei har vald å bruke meir pengar på møblar, etter Dag Tore Hagen si vurdering.

Når koronarestriksjonane og smitten slepper taket trur han det blir meir reising, og dermed mindre møbelsal.

Hos Møbelringen-butikken i Hovdebygda ventar Margrete Sørensen og Dag Tore Hagen i år at driftsinntektene i beste fall blir på same nivå som fjor, men og at det kan ende med ei nedgang på seks-sju prosent samanlikna med 2021.

Stillare i butikken
Den gode utvikling i fjor held fra også inni 2022, fortel Hagen, men frå slutten av februar har det vore stillare, og det er framleis lågare aktivetet no enn på same tid i fjor.

Hagen forklarer det med at det alltid blir færre folk i butikken når vintersalsesongen ebbar ut i februar. I år fall det saman med at krigen i Ukraina startar, og det har også dempa interessea, etter Hagen si vurdering. På toppen av det heile gjer utbreidde koronasmitte at mange er sjuke og held seg unna butikkar nett no.

Møbelhandelen i 2021

Rangert etter vekst i driftsinntekt

Møbelhandelkjede

Drifsinntekt 2021
i mill. kroner

Endring i %
2020/2021
Fagmøbler111313,6%
Illums Bolighus2676,8%
Jysk28906,3%
Bohus32343,6%
Møbelringen18002,9%
Slettvoll3321,8%
Bolia.com362-0,8%
Skeidar1807-2,7%
Ikea 7954-6,1%
A-Møbler139-12,6%

Publisert: 25.03.2022 09:00

Sist oppdatert: 18.04.2022 22:24

Mer om