NTB E Lh Rnrh QTP0 bbb
NASJONALPARKKANDIDAT: Fjellet Hornelen (860 moh) på Bremangerlandet er eitt av områda som regjeringa vil skal bli nasjonalpark. Arkivfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Sunnmørsalpane og Hornelen kan bli nasjonalpark

Regjeringa vurderer å opprette 10 nye nasjonalparkar.

07.09.2021

NPK-NTB: Sunnmørsalpane, Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella blir foreslått som nye nasjonalparkar.

Dei seks landskapsvernområda Lyngsalpan, Sylan, Trollheimen, Ålfotbreen, Oksøy-Ryvingen og Flekkefjord og Listastrendene bør òg bli nasjonalparkar, meiner regjeringa. I tillegg er det planar om å utvide åtte eksisterande nasjonalparkar.

Så langt tyder dialogen med kommunane på at det er mogleg å få lokal aksept for å starte ein verneprosess, meiner miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Men han vedgår at det kan komme konfliktar.

– Det vil alltid vere ulike syn på nye verneområde. Nokon kan bli usikre på kva det kan bety for deira interesser, vi skal derfor sørgje for å ha gode prosessar der alle skal få komme med innspel, seier Rotevatn i ei pressemelding.

Han påpeikar at tap av naturmangfald på grunn av utbygging og inngrep er eit stort problem på verdsbasis, men også i Noreg.

– Denne bit-for-bit-utbygginga tek stadig meir natur. Derfor ønskjer regjeringa no å setje i gang fleire verneprosessar der både dei lokale kommunane og Miljødirektoratet tilrår at ein legg ein nasjonalpark, seier Rotevatn.

Å ferdigstille ein verneplan for ein nasjonalpark tek som regel tre til fire år.


Publisert: 07.09.2021 11:40

Sist oppdatert: 07.09.2021 11:57