NTB Aw40t Ol Qb XE 1
TYRKIA: Fleire ferjer må byggjast i Noreg, krevje Lars Haltbrekken i SV og Fellesforbund-leiar Jørn Eggum. Fjord1s ferje Eresfjord frå 2019 er ei av mange som er bygde i Tyrkia. Foto: Terje Pedersen / NTB
Nytt

SV og LO med felles ferjefront

SVs Lars Haltbrekken meiner det er meiningslaust at fleire ferjer som skal trafikkere norske fjordar, blir bygde i utlandet.

04.03.2022

Han får støtte frå LO-topp.

Før 2015 vart 82 prosent av ferjene bygd ved norske verft. Etter 2015 har delen sokke til 41 prosent, og det er Tyrkia som har teke over mange av kontraktane, skriv VG.

– Ser vi på tala år for år, viser dei at denne utviklinga har forsterka seg dei siste åra, seier energi- og klimapolitisk talsperson Lars Haltbrekken i SV.

Han viser til ein rapport Strategisk Ruteplan AS har utarbeidd for Norsk Industri og omtaler utviklinga som «dramatisk og alarmerande».

– Regjeringa må sørgje for å stramme inn regelverket slik at norske verft får oppdraga, seier Fellesforbundets leiar Jørn Eggum.

Vil ha strengare HMS-krav
Haltbrekken og Eggum meiner det mellom anna kan gjerast ved å stille strengare krav til HMS i anboda og viser til at verken EØS-regelverket eller andre internasjonale regelverk er til hinder for å lage reglar som gjer at norske verft kan vinne anboda.

– Skal vi som nasjon lykkast med den grøne omstillinga, ikkje minst hydrogen, som det er politisk semje om at vi skal satse på, så må regjeringa vise handlekraft, seier Eggum

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vil ikkje love nye rammevilkår, men seier at norsk maritim næring er konkurransedyktig, og at han legg til grunn at dei er med i konkurransen om utrusting av det nye riksvegsambandet.

Publisert: 04.03.2022 07:44

Sist oppdatert: 04.03.2022 08:52

Mer om