Industri illustrasjon innfelt anne kverneland bogsnes foto marius nav 11
FRAMLEIS MANGE LEDIGE JOBBAR: NAV-direktør Anne Kverneland Bogsnes (innfelt) i Vestland og NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal har fleire enn 700 ledige stillingar i industrien i sine system. Foto: Marius Rosbach/NAV
Nytt

Svak auke i arbeidsløysa – kraftig auke i sosialhjelp

Nye tal viser at fleire slit med å få endane til å møtast.

Marius Rosbach
22.12.2022

Talet på heilt arbeidslause personar i Møre og Romsdal og Vestland gjekk litt opp i desember, samanlikna med november-tala.

I Møre og Romsdal auka talet på heilt ledige med 70 personar til 3557. I Vestland auka talet med 237 til 5313 personar, viser ferske tal frå NAV torsdag.

Det er framleis svært låge tal og utgjer 2,6 prosent av arbeidsstokken i Møre og Romsdal og 1,6 prosent i Vestland.

Framleis stor etterspurnad
NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal seier det har vore ei god utvikling i arbeidsmarknaden i hans fylke i 2022.

Det var venta at arbeidsløysa ville stige utover hausten - men det har i liten grad slått til.

Reduksjonen gjennom året for Møre og Romsdal, er på 611 heilt ledige, 674 delvis ledige og 239 personar på tiltak, viser pressemeldinga.

Veland trur det framleis vil vere stor etterspurnad etter arbeidskraft framover. Det er mange ledige stillingar i begge vestlandsfylka. Flest ledige jobbar er det innan industrien, helsesektoren og bygg- og anlegg.

Auke i søknad på sosialhjelp
Samtidig viser tal frå NAV at fleire slit med å få pengane til å strekke til.

Ei ny kartlegging viser at det kom inn 18 prosent fleire søknader om sosialhjelp i november i år, samanlikna for eitt år sidan. Auken er størst i mindre kommunar.

– Uansett kva som er situasjonen håpar vi at folk tar kontakt med oss i NAV slik at vi saman kan lage ein plan for å betre situasjonen. I tillegg til arbeidsretta oppfølging og økonomiske ytingar, kan vi også hjelpe med økonomi- og gjeldsrettleiing. Disse tenestene er sjølvsagt gratis å bruke, uttaler NAV-direktør Anne Kverneland Bogsnes i Vestland i ei pressemelding om tala.

Publisert: 22.12.2022 11:46

Sist oppdatert: 22.12.2022 12:38

Mer om