Optimar illustrasjon foto marius 11
OPPSEIINGAR: Optimar er mellom bedriftene som leverer til fiske- og oppdrettsindustrien, som no merkar nedgang. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Veldig spent på arbeidsløysetala

Fleire bedrifter nedbemannar, men NAV har ingen bølgje med permitteringar. Eit anna trendskifte kan derimot vere på gong.

Marius Rosbach
18.12.2022

Etter ein lengre periode med stor etterspurnad etter arbeidskraft og auke i bemanninga hos dei fleste bransjar, er det bremsene på i deler av næringslivet på Nordvestlandet.

Dei siste vekene har fleire bedrifter varsla at dei må seie opp tilsette, medan andre har lagt vekstplanar i skuffen.

NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal ser likevel ingen stor auke i talet på bedrifter som varslar om større nedbemanningar.

– Vi har veldig få permitteringar, utover dei som har vore omtala i media. Det er heller ikkje mange varsel om permitteringar, så førebels ser vi ingen stor trend, fortel han til NETT NO.

Stein Veland NAV MR foto Ogne
NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal registerer at fleire bedrifter bemanner ned, men ser ingen stor auke med permitteringar eller oppseiingar. Foto: Ogne Øyehaug

Framleis låg arbeidsløyse
Tallknusarane til NAV hadde venta en auke i arbeidsløysa utover hausten, men det slo ikkje til. Først førre månad kom det ein svak auke. Komande fredag kjem årets siste oppdatering.

- Vi fekk ein liten korreksjon ved siste oppdatering, og vi er veldig spente på tala som kjem til veka, fortel Veland.

Han fortel at det framleis er god etterspurnad etter arbeidskraft, sjølv om ein del bedrifter fortel at dei har gjort endringar og andre har fått slankare ordrebok.

Russland-svikt og uro i oppdrett
PE Bjørdal i Ørsta og Optimar med hovudbase på Valderøya, er mellom bedriftene som har varsla større oppseiingar dei siste vekene.

Begge bedriftene er råka av fleire utfordringar – men bortfall av Russland-oppdrag har vore avgjerande for begge.

Mykje er óg knytt til leveransar og oppdrag til oppdrett, der marknaden har stoppa opp etter regjeringas sitt forslag om grunnrenteskatt.

- Vi har registrert utviklinga, men det er ikkje større utslag per i dag, seier Veland.

Bedrifter melder om fleire søkarar
Rekrutterarane i Randstad kunne nyleg fortelje at dei hadde registrert eit markert trendskifte i arbeidsmarknaden for nokre veker tilbake.

Då opplevde ein rekke arbeidsgivarar at det vart lettare å rekruttere nye folk – og at dei fekk fleire søkarar til stillingar som har vore vanskeleg å få tak i folk til.

Det gjeld mellom anna ulike ingeniørstillingar og it- og teknologikompetanse- spesielt datautviklarar.

Ekornes-tilsette fekk ny jobbar
NAV-direktøren kan ikkje seie at dei har registrert det same, og nivået på ledige stillingar er framleis høgt.

- Men om ei bedrift må gjere større endringar, ønsker dei gjerne å samarbeide med oss. I slike dialogar undersøker vi om dette er tilsette som er tilgjengeleg på marknaden for andre bedrifter, seier han.

Då til eksempel Ekornes måtte redusere staben etter tidenes ordreboom under pandemien, vart fleire aldri registrert i statistikken.

- Dei vart aldri ledige, og gjekk rett over til andre bedrifter som hadde behov for folk, fortel han.

Ny
FÅ LEDIGE: Det er framleis få arbeidsledige i Møre og Romsdal viste den siste oversikta frå NAV. Skisse: NAV

Publisert: 18.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 18.12.2022 11:57

Mer om