Havila Shipping la torsdag ettermiddag fram tal for 4. kvartal. Dei viste lågare inntekter og svakare resultat for reiarlaget i perioden.
2025 som heilheit endar likevel med eit resultat før skatt i pluss – med samla inntekter på nær 650 millionar – opp frå 585 millionar året før.
Aksjekursen til Havila Shipping har klatra opp frå start torsdag. Ein halvtime etter kvartalsrapporten blei lagt fram ved 15-tida, var kursen opp 8,76 prosent til 1,18 kroner.
Sjå tabell under
| Havila Shipping ASA | ||
| 4. kvartal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 143,8 | 155,9 |
| Driftsresultat | 1 | 29,2 |
| Resultat før skatt | -26,2 | 2,6 |
| Havila Shipping ASA | ||
| Per 4. kvartal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 647,9 | 585,1 |
| Driftsresultat | 133,3 | 268,1 |
| Resultat før skatt | 10,3 | 10,4 |
Advokatrekningar tynger
I kvartalsrapporten kjem det fram at ei vesentleg årsak til auken i driftskostnadane for 4. kvartal, var rekninga til advokathonorar i samband med rettssaka mot tre bankar.
Reiarlaget tapte saka i tingretten, og har anka til lagmannsretten. Selskapet har utsatt refinansiering i påvente av ein rettskraftig dom i striden.
I rapporten skriv reiarlaget at styret meiner selskapet kan handtere ulike utfall av rettstvisten – og at det difor er grunnlag for vidare drift.
Lågare flåteutnytting
Utnyttinga av skipa i 4. kvartal var lågare enn same kvartal i 2024, og låg på 91 prosent. Eitt av skipa hadde ei utnytting på 49 prosent i spotmarknaden, blir det opplyst i kvartalsrapporten.
Havila Shipping har base i Herøy og driv 14 fartøy, seks av dei for andre eigarar. Reiarlaget hadde 402 sjøfolk i arbeid på skipa og 12 årsverk i administrasjonen i kvartalet.
Les børsmelding (ekstern lenke)
Publisert: 26.02.2026 15:12
Sist oppdatert: 26.02.2026 15:56






