Havila bankar reiarsida skjermfoto Oslo tingrett 1
STOR SKILNAD: Advokatane til Havila Shipping si rekning i striden med tre storbankar er kring 40 prosent høgare enn kravet frå motparten. Skjermfoto: Domstol.no
Nytt

Advokatane ber om 7,3 millionar etter tre dagar i retten

Stor skilnad i rekningane frå Havila-sida og tre storbankar. Fleire hundre millionar står på spel.

Marius Rosbach
14.11.2025

Torsdag blei rettssaka mellom Havila Shipping og tre storbankar avslutta i Oslo tingrett. Til saman bad advokatane om kring 7,3 millionar kroner i betaling for arbeidet med saka, men det er stor skilnad på rekningane. 

Havila Shipping sine advokatar ber om 4,3 millionar kroner inkludert moms, medan bankane sine advokatane til DNB, Danske Bank og Swedbank la fram ei rekning på drygt 3 millionar kroner.

Rekninga frå Havila-advokatane er med andre ord kring 40 prosent høgare enn den frå bankane si side. I tillegg til dei tre dagane i retten inkluderer honoraret førebuingar til rettssaka, eit arbeid som kan variere mykje frå sak til sak. 

Dom i saka kjem i utgangspunktet i løpet av to veker. 

Snudde argumentet på hovudet
Havila Shipping har i søksmålet argumentert med at bankane har opptredd illojalt

I retten torsdag snudde bankane sin advokat Henning Harborg argumentet på hovudet i sin prosedyre. 

Han meiner det var Havila som valde å droppe dialog med dei andre långivarane, og hausten 2024 jobba mot å ta opp eit omstridd obligasjonslån.

– Om det er noko som er illojalt i denne saka, er det at Havila berre ser bort frå avtalen og ikkje spør bankane før dei inngår lånet, sa han.

Advokaten minna om at bankane hadde gitt uttrykk for misnøye med reiarlaget si handtering «samanhengande det siste året». 

Han la også til at alternativet med eit obligasjonslån først kom på bordet etter at reiarlaget vende tommelen ned for bankane sin alternative løysing i slutten av september 2024. 

Meiner bankane overser sentralt poeng
Havila-advokat Kyrre Eggen meiner bankane overser eit sentralt poeng i si forståing av saka. 

I retten torsdag peika han på at gjelda det er strid om var individuelle lån etter eit «siloprinsipp» (det var inngått avtaler med ulike långivarar for kvart av skipa i reiarlaget, journ. anm.) 

Om bankane får gjennomslag for sitt syn, meiner Eggen at det inneberer at ein långivar kan sperre for at forpliktingane til andre kreditorar blir oppfylt.

– Bankane kan ikkje nytte det som argument for å sette en pistol mot tinningen til Havila og si at dei skal ha «cash» oppgjer (…), og øydelegge verdiane for dei andre kreditorane, sa advokaten. 

Havila bankar banksida onsdag skjermfoto Oslo tingrett
AVTALETOLKING: Medan bankane sin advokat Henning Harborg (t.v.) meiner refinansieringsavtalen hindrar Havila Shipping frå å ta opp eit omstridd obligasjonslån, hevdar reiarlaget den ikkje er eit hinder. Skjermfoto: Domstol.no

Strid om avtaletolking
Rettssaka mellom reiarlaget og dei tre bankane har i stor grad dreia seg om korleis ein skal tolke refinansieringsavtalen mellom partane. 

Kjernen i konflikten er at Havila Shipping tok opp eit obligasjonslån på 525 millionar kroner for å betale ut tre andre långivarar. 

Medan reiarlaget meiner dei hadde rett til dette ut frå avtalen – meiner bankane at avtalen sperra for eit slikt låneopptak – og at Havila burde spurt dei om lov. 

Søksmål etter påstand om misleghald
Dei tre saksøkte bankane svara på låneopptaket til reiarlaget med å erklære at Havila Shipping hadde misleghalde låneavtalen, og bad om at gjelda blei gjort opp. 

Havila Shipping kontra med å saksøke bankane og meiner desse opptrer illojalt når dei krev å få gjort opp gjelda til reiarlaget.

Etter reiarlaget sitt syn forsøker dei tre bankane å «grabbe til seg» kring 350 millionar kroner dei ikkje har rett på – til ulempe for dei andre partane.  

Bankane på si side godtek ikkje forklaringa frå reiarlaget om at obligasjonslånet ikkje var ny gjeld – men eit ombyte. Dei meiner det er ny gjeld – som kravde samtykke  frå dei andre partnarane.

Bakgrunn:

Havila Holding er største aksjonær i Havila Shipping. Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No. 

Publisert: 14.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 14.11.2025 09:28

Mer om