Marin Teknikk Spania
VIGO: Den 112 meter lange superyachten ved kai ved Freire-verftet i spanske Vigo. Designet kjem frå Herøy. Foto: Marin Teknikk
Nytt

Svakare frå Herøy-designerar

Merkar at det har vore mindre reiseaktivitet og færre ordrar under pandemien.

19.10.2021

Herøy-selskapet Marin Teknikk reduserte innteninga i 2020, og fekk eit negativt driftsresultat.

Styret skriv i årsrapporten at ein merka konsekvensane av covid-19 med redusert reiseaktivitet og der enkelte prosjekt også vart utsette.

(saka held fram etter tabellen)

Marin Teknikk
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 83,9 95,9
Driftsresultat -0,6 3
Resultat før skatt 2,8 8

Superyacht
Ordreinngangen er også svakare enn året før, men styret forventar at aktiviteten vil ta seg opp att på slutten av 2021.

I august kunne dagleg leiar Svein Rune Gjerde også opplyse til NETT NO at selskapet var i gang med eitt av sine største prosjekt nokon gong. Det er designarbeid knytt til bygging av ein 112 meter lang og 18 meter brei yacht i megayachtklassen.

- Vi har jobba med dette prosjektet i fire år. Det har engasjert mange av våre tilsette i Dragsund, men også ved avdelingskontoret i Polen, i tillegg til at vi har leigd inn ingeniørar, opplyste Svein-Rune Gjerde.

Mannskap på 45
Om bord vert det lugarkapasitet for eit mannskap på 45 personar og i tillegg 36 gjestesuiter.

Det er dermed ein av dei største superyachtane som nokon gong er bygd i Spania.

Om bord kjem det også eige helikopter, fleire bilar, motorsyklar, landgangsfartøy og mykje ekstrautstyr.

Koronastøtte
Marin Teknikk har 48 årsverk, inkludert tilsette ved dotterselskapa i Szczecin og Gdansk.

I fjor fekk selskapet koronastøtte på 1,4 millionar kroner, anna offentleg støtte på 1,4 millionar og i tillegg 0,5 millionar kroner frå Skattefunn.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 56,6 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 19,0 millionar.

Eigarane er i same familie, der Svein-Rune Gjerde er hovedaksjonær med 55 prosent av aksjane.

Publisert: 19.10.2021 08:18

Sist oppdatert: 19.10.2021 08:53