Yacht Marin Teknikk Spania innfelt svein rune gjerde 11
VIGO: Den 112 meter lange superyachten er no sjøsett ved Freire-verftet i spanske Vigo. Designet kjem frå Herøy, og Svein Rune Gjerde ved Marin Teknikk trur på fleire yachtoppdrag. Foto: Marin Teknikk/Kjetil Haanes
Nytt

Marin Teknikk bak ny superyacht

- Det klart største oppdraget vi har hatt nokon gong, seier Svein-Rune Gjerde. Han trur på fleire yachtar med Herøy-design.

13.08.2021

- Vi har jobba med dette prosjektet i fire år. Det har engasjert mange av våre tilsette i Dragsund, men også ved avdelingskontoret i Polen, i tillegg til at vi har leigd inn ingeniørar.

- Det er eit enormt stort og komplekst prosjekt, seier dagleg leiar Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk.

36 gjestesuiter
Herøy-selskapet har skrive konfidensialitetserklæringar, og det har hittil ikkje kome ut mange opplysningar om bygginga av denne ekspedisjonsyachten ved Freire-verftet i spanske Vigo.

Svein-Rune Gjerde opplyser no at det er snakk om ein 112 meter lang og 18 meter brei yacht i megayachtklassen.

Om bord vert det lugarkapasitet for eit mannskap på 45 personar og i tillegg 36 gjestesuiter.

Helikopter og bilar
Det er dermed ein av dei største superyachtane som nokon gong er bygd i Spania.

Om bord kjem det også eige helikopter, fleire bilar, motorsyklar, landgangsfartøy og mykje ekstrautstyr.

Yacht Marin Teknikk Spania
SJØSETT: Den nye superyachten vart nyleg sjøsett, og skal ferdiggjerast ved Freire-verftet. Om bord kjem det blant anna helikopter og ei rekke køyretøy. Foto: Marin Teknikk

Eigaren på besøk
Kven som er kjøpar, kan ikkje Gjerde opplyse.

- Nei, men vi har hatt både han og kona på besøk ved hovedkontoret i Dragsund.

- Dei kom med privatfly til Vigra, og tok helikopter derifrå. Det var hyggjelege folk.

Facebook-spekulasjonar
Dette er den tredje superyachten som Marin Teknikk har hatt designoppdraget på. Dei to første vart bygde ved Kleven til den new zealandske milliardæren Graeme Hart. I 2015 fekk han overlevert ein 107 meter lang yacht, men Hart bestilte like godt ein ny og litt større yacht. Den siste var på 116 meter og overlevert i 2018.

Seinare har Hart seld yachtane, og det var lenge spekulasjonar om at Facebook-gründer Mark Zuckerberg hadde kjøpt den første. Dette vart seinare avvist av Facebook, men det er uansett mykje som tyder på at eigaren er tilknytta Facebook.

Dei kom med privatfly til Vigra, og tok helikopter derifrå. Det var hyggjelege folk
Svein-Rune Gjerde

Cannes og Sainte Maxime
Den siste yachten, Ulysses, ligg no utanfor Cannes i Frankrike, medan den første ligg utanfor Sainte Maxime, og heiter no Andromeda.

Svein-Rune Gjerde seier at han ikkje veit kven som no er eigar av dei to yachtane.

- Men ein del tyder på at det kan vere snakk om same eigar.

Stålskip
Dei to Kleven-bygde skipa var bygde i stål. Det vert også den nye yachten frå Freire-verftet.

- Det er også litt aluminium, men dette er skrogforsterka stålskip, som skil seg ut frå andre yachtar i megaklassen, seier Gjerde.

Kleven gjorde byggjearbeidet, medan siste finpussen skjedde i tyske Bremerhaven. Den nye yachten skal ferdigsstillast ved Freire, og skal etter planen overleverast ein gong neste år.

20190922 090520
ULYSSES: Kleven-bygde Ulysses ligg utanfor franske Cannes. Eigarane rosar Marin Teknikk for sjøeigenskapane til yachten. Foto: Kjetil Haanes

Verdsomseglingar
Svein-Rune Gjerde seier at dei to Kleven-bygde skipa har vore i nærmast konstant aktivitet sidan overlevering. Blant anna har dei gjennomført verdsomseglingar.

- Den første yachten kom ut for eit enormt stygt vêr på overfarten over Stillehavet. Men tilbakemeldingane frå eigarane var gode, som meinte at dette var ein førsteklasses båt i slikt vêr.

- 16 knop og 8-10 meter bølgjehøgde taklar dei med glans. Brennoljeforbruket er oppsiktsvekkande lavt for eit slikt fartøy, er tilbakemeldingar vi har fått frå reiar, seier Gjerde.

Truffe med design
Gjerde seier at det har vorte jobba med fleire nye yachtprosjekt, men at det har dabba litt av under koronapandemien. Han trur likevel på nye oppdrag.

- Vi har truffe med eit design som tilfredsstiller strenge stabilitetskrav for slike skip og samtidig laga ei plattform som har ein bevegelseskarakteristikk i dårlig vêr som skipets gjestar omtalar som «outstanding».

- Dette er vi svært stolte av då vi ser andre internasjonale designselskap som har feila på nettopp denne viktige funksjonen til eit slikt skip.

Publisert: 13.08.2021 07:53

Sist oppdatert: 14.08.2021 00:07

Mer om