Kleven søksmålet analyse Bjørn Pge Hamre Hordaland tingrett foto marius 11
VURDERER ANKE: Bustyrar Bjørn Åge Hamre vann ikkje fram med søksmålet mot den tidlegare verftseigaren i Hordaland tingrett. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Overraska over utfallet av Kleven-søksmål

Dommen legg skulda på bankane. Bustyrar vurdere anke.

Marius Rosbach
01.12.2023

Torsdag kom dommen frå Hordaland tingrett som frifinner den tidlegare eigaren av Kleven Verft for søksmålet konkursbuet hadde gått til.

– Vi vil gå grundig gjennom dommen og vurdere om vi skal anke, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre til NETT NO.

Etter å ha jobba med konkurssaka sidan sommaren 2020, tok bustyret i juni 2022 ut stemning mot den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet hans.

Tingrettsdommar Gard-Håvard Røren Sem-Onarheim er tydeleg i sin dom på at Debeljak ikkje kan seiast å ha oppført seg aktlaust, slik saksøkarane har hevda.

– Vi er overraska over resultatet, seier Hamre – og viser til at retten i stor grad legg skulda på bankane for konkursane.

Meiner bankane si avgjerd var «dramatisk»
Gjennom sju dagar fekk tingretten tidleg i november høyre dramaet kring Kleven Verft, etter at Debeljak kom inn som eigar våren 2020.

Retten viser til at bankane hadde andre alternativ til å seie opp låna til verftet, etter eit mykje omtala skjebnemøte. I staden valde dei å «trekke ut pluggen» for verftet, som det blei omtala i retten.

Det var ei avgjerd retten ut frå forholda meiner var «dramatisk», og som Debeljak ikkje hadde grunn til å vente av bankane som profesjonelle aktørar.

Oppseiinga av låna var den utløysande årsaka til at tre verftsselskap gjekk konkurs og kring 430 tilsette blei råka.

Tilbakeviser påstandar frå konkursbuet
Dommen tilbakeviser betydelege delar av påstandane og oppfatningane bustyret har kome med i søksmålet.

Buet har hevda Debeljak innførte «eineherredømme», let vere betale inn arbeidskapital til verftet, og beordra stans i alle betalingane til leverandørar og «kvelte framdriften» på eit viktig byggeprosjekt verftet hadde til kai.

Alle påstandane seier dommen seg usamd i – og viser til bevisa tingretten fekk sjå og høyre i Bergen.

Meiner bustyret si oppfatning er «unyanserte»
I dommen heiter det at saksøker sine påstandar om verftseigaren sin oppførsel «i liten grad er nyanserte», og grunngjeve i dei faktiske forholda retten fekk lagt fram.

Saksøker har vidare hevda at den kroatiske eigaren forut for det avgjerande møtet, «ignorerte» varslar frå bankane, og at han «rev ned tilliten hos bankene» før det avgjerande møtet.

Også dette blir tilbakevist i dommen.

Retten meiner dokumentasjonen av korrespondansen tvert imot, viser at bankane sine meldingar blei svart på fortløpande, og på ein «fullt ut adekvat måte».

Alvorleg konflikt med leverandør
Eit sentralt tema i det avgjerande møtet den 23. juni 2020, var at elektroinstallatøren HG Teknikk skulle ha lagt ned arbeidet og reist frå verftet. Det fekk retten opplyst frå vitne ikkje stemte.

Retten gir saksøkar rett i at konflikten med Hareid-selskapet var alvorleg for verftet, og at den auka risikoen for at bankane ville gjere noko – viss situasjonen ikkje blei følgt opp.

Før møtet meiner samtidig retten at Debeljak og Div Group sette i verk ein rekke tiltak for å sørge for at det planlagde møte skulle bli vellukka. Dette blei gjort på ein forsvarleg og aktsam måte – stikk i strid med kva som er hevda frå saksøkarane si side.

Burde tatt pause etter skjebnemøte
Alle dei involverte partane på skjebnemøte var samde om at møtet var mislykka. Men kva som blei sagt er omstridd og ikkje skreve ned i eit referat. Møtet blei avslutta etter ein verbal konfrontasjon mellom den kroatiske eigaren og ein av bankane sine advokatar.

Saksøkarane har hevda at Debeljak då «torpederte» byggeprosjektet og ikkje ga bankane noko anna val, enn å seie opp låna.

Retten meiner det verken er gjort sannsynleg at oppførselen til Debeljak var aktlaus på ein slik måte at det medfører erstatningsansvar. Sjølv om det er liten tvil om at kroaten på eit tidspunkt blei konfronterande og opphissa – som fleire andre av deltakarane på møte.

I etterkant meiner retten det ville vore lurt å ta ein lengre pause, slik at partane kunne roe seg ned. At dette ikkje blei gjort, er ikkje eit ansvar som ligg på Debeljak, meiner retten.

Publisert: 01.12.2023 09:16

Sist oppdatert: 01.12.2023 16:33

Mer om