Tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad fortalde i retten måndag om korleis han opplevde situasjonen under dei tidlegare eigarane av Kleven-verftet.
Den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak er saksøkt av konkursbuet etter at tre verftsselskap gjekk over ende sommaren 2020.
Kroaten blei frikjent i tingretten og ankesaka er no oppe i Gulating lagmannsrett.
Den tidlegare verftsleiinga slapp å forklare seg i tingretten. Måndag forklara både Bollestad og tidlegare finansdirektør Ola Beinnes Fosse seg for lagmannsretten.

Kritisk til prispress mot leverandørar
Bollestad hadde ei positiv oppleving då Div Group kom inn som eigarar i verftet etter fleire år med restrukturering og ulike eigarar.
Etter at det oppstod misnøye hos dei nye eigarane om inngåtte kontraktar, gjekk Div Group «bak ryggen» til verftsleiinga og pressa leverandørane til å godta prisar Bollestad meinte var heilt urealistiske.
– Det var vanskeleg å ta det alvorleg. Ein leverandør kan nok greie å gå ned fem-ti prosent, men dei bad om 30 og 40 prosent lågare pris. Det er rett og slett ikkje mogleg, forklara den tidlegare verftsdirektøren.
Også den tidlegare finansdirektøren på Kleven var inne på det same i si forklaring - og omtala framgangsmåten som useriøs.
Dei bad om 30 og 40 prosent lågare pris. Det er rett og slett ikkje mogleg
Meiner Div Group mangla forståing
Bollestad fortalde at han fleire gonger forklara Debeljak lova om allmenngjering og at det var minsteløn i Norge.
– Det trur eg aldri dei forstod, sa han og hevda Div Group foreslo timebetalingar som låg langt under lovleg tariff.
– Div Group hadde ikkje forståing for korleis ein skulle drifte eit verft i Norge, eller eit selskap i Norge for den saks skuld, la han til.

Opplevde at han missa tillit
Nye rutinar om at rekningar over eit viss beløp skulle godkjennast av Delbejak, skapte utfordringar – og var noko Bollestad meinte burde vore diskutert i styret.
Samtidig var Div Group-sjefen sjeldan nøgd med underlagsmaterialet som blei sendt til Kroatia. Samtidig kom det skuldingar mot den lokale verftsleiinga i retur som han opplevde det var vanskeleg å forsvare seg mot.
Etter kvart følte Bollestad at han blei motarbeida og mista tillit hos Tomislav Debeljak.
– Det er umogleg å drive eit stort verft om du ikkje har tillit frå styret og eigar, sa verftsdirektøren.
Forsvara dialog med bankane
Bollestad avviste at det var noko problematisk i at han hadde sendt vidare intern informasjon til bankane, slik dei saksøkte sine advokatar har stilt spørsmål ved tidlegare.
– Eg trur eg først diskuterte det med dei på verftet, men det var aldri noko respons frå Div Group, sa den tidlegare verftsdirektøren.
Det skjedde på eit tidspunkt då Bollestad fleire gonger hadde teke opp bankane sin uro med den nye eigaren – utan at han opplevde å nå fram.
– Når det ikkje er dialog mellom leiing og styret, så må eg ta ansvar sjølve, sa han om dialogen med bankane.
Blei fortalt om «fruktkultur»
Bollestad var uroa for at oppførselen til den nye eigaren ville skape alvorlege problem for verftet framover og sette arbeidsplassane ved verftet i fare.
– I eit maritim klynge som på Vestlandet, treng du tillit for å få oppdrag frå andre, forklara Bollestad.
Under forklaringa fortalde den tidlegare verftsdirektøren også at Div Group sine representantar «satt og grein» på kontoret hans på verftet.
– Dei fortalde at det var ein fryktkultur i selskapet. Om dei sa i mot han, så fekk dei ofte sparken, la Bollestad til.
NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.
Publisert: 21.01.2025 10:19
Sist oppdatert: 21.01.2025 15:37