- Vi kjem til å presentere ein ny kolleksjon av arbeidsklede til hausten, seier adm. dir. Ottar Brox ved Tess Møre.
Han seier at det skal satsast meir på arbeidsklede framover, i tillegg til slangar og rør.
- Vi merkar no nedgangen i olje og verftsindustri. Samstundes har vi vekst på fleire servicesenter som ikkje er så avhengige av desse næringane.
- Det er mykje opp til oss sjølve å skape vidare vekst.
I Tess Møre er det no 108 tilsette.
- Så langt har vi klart oss utan permitteringar eller oppseiingar, seier Brox.
Ifølgje årsmeldinga frå styret hadde selskapet per 30. mai ein total salsnedgang på åtte prosent samanlikna med same tid i fjor.
Grunnen til nedgangen er ifølgje styret svakare utvikling for viktige kundar innanfor olje og gass. Derrimot melder selskapet om bra aktivitet innan fiskeri.
Tess Møre er det nest største regionkontoret i Tess-konsernet. Regionsatsinga vert leia frå Ålesund, men ein har i tillegg femten ulike servicesenter.
Selskapet er lokalisert i Molde, Kristiansund, Sunndalsøra, Herøy, Ulsteinvik, Florø, Sunndalsøra, Måløy, Stryn, Rauma, Årdal, Volda, Sogndal, Førde og Aukra.
Styret opplyser at det mellom anna vart utdelt blanklettar til kvar tilsett som via blankettane kunne rapportere om uønska forhold og hendingar.
Det enkelte servicesenter raporterer så inn kvar månad. Styret meiner at systemet har hatt god effekt. I alle fall var sjukefråveret i 2014 redusert til 6,5 prosent.
Heile åreresultatet i 2014 i Tess Møre, etter frådrag frå minoritetsinteresser, vert pløygd inn att i selskapet.
Derimot kunne dei tilsette i 2014 fordele tre millionar kroner i bonus som følgje av det gode resultatet.
Han seier at det skal satsast meir på arbeidsklede framover, i tillegg til slangar og rør.
- Vi merkar no nedgangen i olje og verftsindustri. Samstundes har vi vekst på fleire servicesenter som ikkje er så avhengige av desse næringane.
Ingen permitteringar
Brox meiner at det finst mulegheiter, sjølv om marknaden er tøff.- Det er mykje opp til oss sjølve å skape vidare vekst.
I Tess Møre er det no 108 tilsette.
- Så langt har vi klart oss utan permitteringar eller oppseiingar, seier Brox.
Satsar i Ulsteinvik
Han opplyser at eitt av dei nye grepa selskapet gjer er å byggje opp eit større slangelager i Ulsteinvik.Ifølgje årsmeldinga frå styret hadde selskapet per 30. mai ein total salsnedgang på åtte prosent samanlikna med same tid i fjor.
Grunnen til nedgangen er ifølgje styret svakare utvikling for viktige kundar innanfor olje og gass. Derrimot melder selskapet om bra aktivitet innan fiskeri.
Tess Møre er det nest største regionkontoret i Tess-konsernet. Regionsatsinga vert leia frå Ålesund, men ein har i tillegg femten ulike servicesenter.
Selskapet er lokalisert i Molde, Kristiansund, Sunndalsøra, Herøy, Ulsteinvik, Florø, Sunndalsøra, Måløy, Stryn, Rauma, Årdal, Volda, Sogndal, Førde og Aukra.
Kuttar sjukefråveret
Etter at selskapet i 2013 hadde eit sjukefråver på heile 9,98 prosent, vart det sett i verk tiltak for å få ned sjukefråveret.Styret opplyser at det mellom anna vart utdelt blanklettar til kvar tilsett som via blankettane kunne rapportere om uønska forhold og hendingar.
Det enkelte servicesenter raporterer så inn kvar månad. Styret meiner at systemet har hatt god effekt. I alle fall var sjukefråveret i 2014 redusert til 6,5 prosent.
Lite utbytehenting
Hovudkontoret til Tess Møre ligg i Drammen, med Olav Nygaard og Erik Jølberg som eigarar. Dei har siste åra tatt ut lite utbyte frå regionselskapa.Heile åreresultatet i 2014 i Tess Møre, etter frådrag frå minoritetsinteresser, vert pløygd inn att i selskapet.
Derimot kunne dei tilsette i 2014 fordele tre millionar kroner i bonus som følgje av det gode resultatet.
Det er mykje opp til oss sjølve å skape vidare vekst
Publisert: 09.08.2015 06:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45