Ellen skodjevåg bø sytalaust foto sytalaust 33
GIR UT «FEELGOOD»-MAGASIN: Ellen Skodjevåg Bø er dagleg leiar i selskapet Sytalaust, som mellom anna gir ut magasinet «Heimebane». Foto: Sytalaust
Nytt

Sytalaust ser lysning etter kriseår

Ulstein-selskap hadde nettopp sikra ein avtale med eit stort mediekonsern i fjor. Så kom pandemien.

Marius Rosbach
30.04.2021

Det har vore eit tøft år for Ellen Skodjevåg Bø, skaparen av Sytalaust i Ulsteinvik. Selskapet er registrert innan bedriftsrådgjeving, og tilbyr tenester innan kommunikasjon og sal.

I fjor vinter såg det meste lyst ut, og Bø gleda seg over å ha sikra ein stor avtale med Egmont, Noregs største mediekonsern.

– Denne avtalen var heilt avgjerande for at Sytalaust skulle levere sitt beste år nokon sinne. Etter fem års drift byrja det å løsne, og jubileumsåret låg an til å bli «all time high» med omsetning på ein halv million over budsjett, fortel Skodjevåg Bø til NETT NO.

Egmont hadde hyra inn Sytalaust til å vere salsansvarleg for konsernet si nye bryllaupssatsing. Men då koronapandemien førte til full nedstengning få veker etter at avtalen var sikra, blei ikkje oppdraget noko av.

Eg er framleis 50 prosent permittert, men ting begynner å ta seg meir og meir opp no
Ellen Skodjevåg Bø

Framleis 50 prosent permittert
I staden for rekordår forsvann fleire oppdrag og inntektene gjekk ned med kring 40 prosent samanlikna med 2019 (sjå tabell under).

Gründeren hadde ikkje anna val enn å permittere seg. Det er ei fattig trøyst at overskotet blei mellom dei betre sidan Sytalaust starta opp i 2015.

– Eg er framleis 50 prosent permittert, men ting begynner å ta seg meir og meir opp no, fortel den daglege leiaren.

Sytalaust sin hovudmarknad er bedrifter med behov for hjelp innan sal og kommunikasjon. Kundeportefølja og oppdraga varierer, men ei aukande mengde faste avtaler sikrar at bedrifta overlever.


Håpar på nytt «Heimebane» til sommaren

Mest merksemd har nok Sytalaust fått for utgivingane av «Heimebane», eit «feelgood»-magasin med aktuelle reportasjar og intervjuar med personar frå regionen.

I nyaste utgåve er det mellom anna artiklar med løparen Therese Falk frå Hareid og fotografen Marius Beck-Dahle frå Volda.

Magasinet blir distribuert i dei fem kommunane på ytre søre Sunnmøre, men annonsemarknaden for slike produkt har vore utfordrande, konstaterer Bø.

– Eg håpar å få til ei ny utgåve til sommaren, fortel ho.

Meir innhald til sosiale media
Det siste året Sytalaust hatt fleire oppdrag med innhaldsproduksjon til nettsider, pressemeldingar og sosiale media. Å levere innhald til bedrifter sine sosiale mediekanalar er ein marknad som er venta å vekse.

– Her gjeld det å henge med i utviklinga. Eg har nytta det siste året til omstille drifta og vil fokusere meir på innhaldsproduksjon, seier ho engasjert.

Sytalaust AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 0,6 1
Driftsresultat 0,04 0
Res. før skatt 0,04 0

Publisert: 30.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 29.04.2021 23:03

Mer om