Jostein Saetrenes Sydvestor 2
GEVINST I FJOR: Sydvestor-sjef Jostein Sætrenes med ein modell av eitt av Grand Canyon-skipa som selskapet investerte i for over ti år sidan. I fjor vart det gevinst for aksjonærane etter fleire magre år. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Gav milliongevinst for aksjonærane

Sydvestor-eigarar tente på skipssal. No bygger dei ny portefølje med båtar til oppdrettsbransjen.

Marius Rosbach
28.05.2025

Gevinst frå skipssal i fjor sørga for milliongevinst for eigarane i Sydvestor. Det kjem fram i rekneskapen for 2024 som no er offentleg.

Ifølgje konsernrekneskapen til morselskapet Nordvestor Aktiv vart det teke ut til saman 13,5 millionar etter fjoråret.

– Det er ein kombinasjon av gevinst frå skipssalet og at det har gått greitt elles. Vi meiner aksjonærane fortenar å få sin del av dette, fortel Jostein Sætrenes til Nett No.

Har betra økonomien vesentleg
Sætrenes er dagleg leiar for investering- og kapitalrådgivingselskapet som har hovudkontor i Ulsteinvik.

Han seier seg nøgd med den auka omsetninga for Sydvestor i fjor, men seier resultatet helst skulle vore betre. Når det gjeld Nordvestor Aktiv er han meir fornøgd etter at konserntala enda med eit overskot på drygt 10 millionar (sjå tabell under). 

 –Resultatet i 2024 har styrka likviditet og balanse i selskapa vesentleg. Det er vi godt fornøgde med, men vi har framleis forbetringspotensial, seier han. 

(saka held fram under)

Sydvestor AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt20,49,5
Driftsresultat1,2-5,8
Resultat før skatt1,2- 4,4
Nordvestor Aktiv AS (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt23,211,9
Driftsresultat2,6-3,9
Resultat før skatt10,2-1,7

– Sett pris på lojaliteten dei har vist
Det er selskapet Shipsinvest, som selde sin eigardel i Volstad Maritime-skipet Grand Canyon II. 

Sætrenes fortel at selskapet investerte i to nybygde konstruksjonsskip saman med Volstad Maritime i 2011. Det første vart levert 2012, og seinare selt i 2023. Skip nummer to vart levert i 2015 og altså selt i fjor. 

Dei fleste investorane i Shipsinvest har vore med på laget sidan selskapet vart stifta i 2010.

– Fleire av aksjonærane var no interesserte i å få ut pengane og vi sett pris på lojaliteten dei har vist, legg han til.

Det skipseigande selskapet har i dag berre har eitt skip igjen i sin portefølje – Havila Troll. Slik skal det halde fram - og difor er namnet også endra til Troll Investor.

Har investert i fleire enn ti nye fartøy
Nyleg blei det oppretta eit nytt Shipsinvest-selskap. Dette har Sydvestor-gjengen planar om å bygge vidare på som eit skipseigande finansielt reiarlag.

– Vi skal bygge opp ein betydeleg portefølje, og vil vere opptekne av å sikre kontantstraum og få inn gode partnarar, seier Sætrenes.

Han fortel at det er betydeleg meir aktivitet i denne marknaden. I løpet av det siste halvanna året har dei investert i fleire enn ti fartøy innafor havbruk – i hovudsak servicebåtar. Desse blir leigd ut via sokalla bareboat-avtaler.

– Vi har også eit tosifra tal nye båtar som er aktuelle, både i år, neste år og fram mot 2027, seier Sætrenes.

Også båtar som blir nytta til å frakte ensilasje er aktuelle – og dei er allereie inne i dette segmentet. Fleire av investeringane er skilt ut i eigne skipseigande selskap.

Er på utkikk etter fleire folk
Sydvestor er einaste selskap i denne marknaden på Nordvestlandet, som har konsesjon frå Finanstilsynet.

– Samtidig jobbar vi saman med større aktørar både nasjonalt og internasjonalt med å legge til rette på dei områda vi har kompetanse på. Det synes vi er kjekt, seier Sætrenes. 

I tillegg til Ulsteinvik-kontoret, har selskapet dei siste åra utvida med kontor i Oslo og Bergen. I dag er dei sju personar – men dei vil gjerne bli fleire.

– Vi skulle gjerne vore både ein og to til, og helst nokon som er litt yngre enn meg. Er det nokon som er interesserte, så er det berre å ta kontakt, seier han.

Politiske endringar ei ekstra utfordring
Sætrenes legg ikkje skjul på at det er kjekkare å drive investeringar i shipping no, enn det har vore dei siste ti åra etter offshoremarknaden kollapsa.

– Det er mykje meir positivt å jobbe for å sikre framtida, enn å reparerer fortida, seier han.

Ulsteinvikaren ønsker seg likevel ei meir føreseieleg politikk frå styresmaktene.

– Det er utfordrande for eit samla privat næringsliv å drive næringsverksemd der det nasjonale styrande politiske miljøet er den største motspelaren på arenaen. Føreseielegheit er alfa og omega, og endringar med tilbakeverkande kraft burde absolutt ikkje vere ein del av verktøykassa, seier Sætrenes.

Publisert: 28.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 27.05.2025 23:30

Mer om