Saevik vil ha meir styring i Havyard
TEK OVER: Vegard Sævik  (nummer tre frå venstre) tek over som styreleiar etter Bård Mikkelsen (til høgre for ein klokkeringande konsernsjef Geir Johan Bakke). Biletet er teke ved børsnotering av Havyard Group. 
Nytt

Sævik vil ha meir styring i Havyard

Vegard Sævik er foreslått som ny styreleiar i Havyard Group.

08.05.2017
Sævikfamilienes selskap Havila Holding vil ha ei meir aktiv rolle i leiinga av Havyard Group går det fram av innkallinga til generalforsamling i Havyard Group.
Havila Holding eig 63,47 prosent av aksjane i Havyard Group.
Ei meir aktiv rolle innber mellom anna at Sævikfamilien vil ha styreleiarvervet.

Rykkjer opp

Valkomiteen gjer framlegg om at Vegard Sævik rykkjer opp frå nestleiar til styreleiar i Havyard Group, og at dagens styreleiar - Bård Mikkelsen - blir erstatta av Hege Notøy.
Går det som valkomiteen foreslår vil styret i tillegg bestå av Torill Haddal, Hege Sævik Rabben, Svein Asbjørn Gjelseth, og tilsetterepresentantane Stig Breidvik og Petter Thorsen Frøystad.
Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik er søsken. Saman med broren Njål og far Per eig dei Havila Holding.

Minus

Dei to siste åra har Havyard Group gått med underskot,
Resultatet blei kraftig forbetra frå 2015 til 2016, men ei nedskriving av verdien av skipseigande selskap på Færøyane snudde det som låg an til eit lite overskot til eit lite underskot i 2016.

Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som gir ut NETT NO.

Publisert: 08.05.2017 15:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:09