NTB Q Ct Z Nwgdc HI
FULL TANK: Zakariasdammen i Fjord kommune demmer opp Zakariasvatnet. Dette er hovudmagasinet til Tafjord Kraft, og i sommar har dei vore nøydde til å sleppe ut vatn etter mykje regnvêr og høg produksjon på straumnettet i området. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
Nytt

Tafjord Kraft må sleppe ut vatn

Slepp ut vatn i staden for å lage straum. Årsak; for mykje straum på nettet frå vindkraft.

31.08.2022

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: : – Det må byggjast meir nett. Det er heilt klart, seier administrerande direktør Stig Falling i Tafjord kraftproduksjon til NTB.

Han står på kaien i Valldal og har nettopp helst på kongeparet, som er på tur i Møre og Romsdal. Sola skin, men sånn har det stort sett ikkje vore i sommar.

NTB xq Fy E2z7 Be I
VIL HA MEIR UTBYGGING AV KRAFTNETTET: Styreleiar Anne Breiby i Tafjord-konsernet og administrerande direktør Stig Falling i Tafjord Kraft etter kongebesøket i Valldal. Sola skin, men resten av sommaren har stort sett vore regnfull. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

– Det har vore veldig mykje regn og gråvêr. Og så var det ein svært snørik vinter, så vi hadde god fylling i magasina tidleg. Vi har hatt overløp og vasstap eigentleg heile sommaren, seier han.

Får ikkje lov å produsere
Det offentleg eigde selskapet har 20 heil- og deleigde vasskraftverk i prisområdet Midt-Noreg (NO3) – eit område med svært låge prisar og mykje produksjon denne sommaren.

– Vi har eigentleg vorte det vi kallar nedregulert veldig mykje. Vi har rett og slett ikkje fått lov å produsere. Når det blæs mykje, så går vindkraftverka oppe i Trøndelag. Då er det nok energi inn i området, seier Falling.

Situasjonen er altså den motsette som i Sør-Noreg. Der slit ein med stadig nye straumprisrekordar og historisk låg vasstand i magasina. Regjeringa har bede kraftprodusentane om å strupe produksjonen for å ha nok vatn til vinteren.

– Heng ikkje saman
Tafjord Kraft skulle gjerne sendt meir straum sørover i Noreg, og Falling seier at dei har teke det opp fleire gonger med Statnett dei siste fem–seks åra.

– Det har ikkje vore samsvar mellom den produksjonsutbygginga med vindkraft og nettutvikling. Det har ikkje hange saman. Det enkle svaret er at vi meiner at NVE har gitt for mykje konsesjonar på produksjon og for lite på linjer, seier han.

Styreleiar Anne Breiby i Tafjord-konsernet utdjupar:

– Det er jo veldig rart at ein har gitt så mange konsesjonar på produksjon utan å tenkje på at straum faktisk må fraktast ein stad, seier ho.

Ho peikar også på ein annan skeivskap:

– Det er veldig rart at ein ikkje tenkjer på å produsere meir straum i nærleiken av dei store befolkningsområda, til dømes Austlandet. Då slepper ein jo å frakte det.

Kan bli høgare prisar i Midt-Noreg
Tafjord Kraftproduksjon ønskjer seg først og fremst fleire kraftkablar som kan frakte straumen nedover mot Bergens-området.

– Det er brukbart ned til Sognefjorden, men ikkje frå Sogndal, Aurland og vidare sørover frå Aurland. Det er der det knyter seg til, seier han.

– Men med fleire linjer vil prisane auke her?

– Ja, det er nok det som skjer. Dei går nok ikkje så mykje ned lenger sør, slik som situasjonen er. Det er nok her det går opp då. Sånn er mekanismane i kraftmarknaden, seier han.

Publisert: 31.08.2022 11:30

Sist oppdatert: 31.08.2022 11:38

Mer om