Tapte 114 millionar paa Rolls Royce striden
MEIR ENN HALVERT: Driftsinntektene for Kongsberg Evotec i Ulsteinvik fall frå 343 til 116 millionar kroner i fjor.
Nytt

Tapte 114 millionar på Rolls-Royce-striden

Striden med Rolls-Royce Marine kosta Kongsberg Evotec 114 millionar kroner.

06.07.2016
Kongsberg Evotec i Ulsteinvik vart i fjor dømt til å betale Roll-Royce Marine 95 millionar kroner i erstatning for å ha basert sine eigne seismikkprodukt på arbeid som var utført av Rolls-Royce Marine.
Erstatninga, saman med honorar til advokatar og anna som følgde med rettsaka, kosta Kongsberg 114 millionar kroner. Det er hovudårsaka til at selskapet enda med eit underskot før skatt på 143,9 millionar kroner i fjor. Det går fram av årsmelding frå selskapet, som er eit dotterselskap i Kongsberg Gruppen.

Tapte i tingretten

Det som i dag er Kongsberg Evotec blei etablert at folk som tidlegare arbeidde i Odim, som Rolls Royce kjøpte i 2010. (Les meir i faktaboks).
Rolls-Royce gjekk til sak fordi selskapet meinte Kongsberg Evotec konkurrerte i seismikkmarknaden basert på arbeid som var gjort hos Rolls-Royce Marine. Kravet var erstatning og forbod for Kongsberg Evotec å selje produkta.
Sunnmøre Tingrett gav i fjor Rolls-Royce Marine medhald i erstatningskravet, men ikkje i kravet om salsforbod.

Droppa anke

Kongsberg Evotec bestemte seg først for å anke, men drog seinare anken attende.

Selskapet er framleis usamd i konklusjonen i tingretten, skriv det i årsmeldinga for 2015, men konkluderer likevel med at det er feil å bruke meir tid og ressursar på saka i rettsvesenet.

Tøffe tider

Sjølv utan erstatningssaka vart 2015 eit dårleg år for Kongberg Evotec.
Driftsinntektene var meir enn halvert (sjå tabell), og underskotet når erstatningsaka er trek fra, er på 30 millionar kroner. 12 av dei millionane er knytt til nedbemanningskostandar og framtidige husleigekostandar for den delen av bygget i Saunesmarka i Ulstein som selskapet ikkje treng framover.
Selskapet skriv i årsmeldinga at marknadsutsiktene er meir usikre i 2016 enn dei var i 2015.
Kongsberg Evotec reduserte talet på årverk frå 78 i 2014 til 59 i 2015.



Publisert: 06.07.2016 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58