Br Aa Norled 3 D render
ELEKTRISK: Brødrene Aa skal byggje to elektriske hurtigbåtar til Norled, med plass til 130 passasjerar. marsfarta vert 28 knop, og båtane skal kunne gå 60 nautiske mil på batteri. Skisse: Brødrene Aa
Nytt

Prestisjekontrakt for Brødrene Aa

Skal bygge elektriske hurtigbåtar som kan gå heilelektrisk i 60 nautiske mil.

15.07.2022

- Vi er naturlegvis svært glad for denne kontrakten, og for at vi igjen kan ta til på eit byggeoppdrag for Norled, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

- Prosjektet er samstundes grensesprengande, der ein reell hurtigbåtoperasjon i ei krevjande rute langs Nordlandskysten no blir elektrifisert. Tretti knop heilelektrisk er ein milepåle for ein hurtigbåt, og dette prosjektet vil stå som ein referanse for utrulling av utsleppsfrie hurtigbåtar i åra som kjem, seier Aa i ei pressemelding.

130 passasjerar
Nordland fylkeskommune tildelte tidlegare i år Norled hurtigbåtkontrakt for rutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål tidlegare i vår. Det er no klart at dei to hovudfartøya i anbodet skal byggast av Brødrene Aa.

Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last.

Kvar av båtane vil bli utrusta med ein batteripakke på 4 MWh og vil vere i stand til å operere heilelektrisk i 30 knop.

Servicefart på 28 knop
Sjølve ruteoperasjonen krev ein servicefart på 28 knop, og med denne farten vil båtane få ei heil-elektrisk rekkevidde på over 60 nautiske mil.

Brødrene Aa opplyser i pressemeldinga at selskapet etterkvart har opparbeidd seg solid erfaring med bygging av elektriske båtar. Den fyrste hybrid-elektriske båten, Vision of the Fjords, blei levert frå verftet i 2016, etterfølgt av to heil-elektriske systerskip i åra etter.

Doblar batterikapasiteten
I 2020 blei Rygerelektra levert til Rødne. Bygd som hurtigbåt etter high-speed koden, greidde den som 300 pax fartøy, og med 2MWh installert effekt, å oppnå ein fart på 23 knop.

- Med dei nye båtane til Norled doblar vi batterikapasiteten frå Rygerelektra, og med denne energimengda vil båtane vere i stand til å operere heil-elektrisk 70% av tida, forklarer Tor Øyvin Aa. - Vi ser at batteriteknologien stadig er i utvikling men det er framleis utfordringar knytt til vekt. Generator må difor inn for å dekke noko av energibehovet.

Vektla miljøaspektet
Kontrakten for hurtigbåtrutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål har ein varigheit på ti år, med oppstart i januar 2024. Norled vil drifte to hovudfartøy og eit reservefartøy i anbodet. Det ligg også ein opsjon på å drifte ruta mellom Bodø og Myken i sommarmånadane.

- Det er svært gledeleg at Nordland fylkeskommune vektla miljøaspektet i kontrakten, slik at sambanda no kan elektrifiserast. Vi ser fram til å ynskje reisande velkomen om bord på våre nye, elektriske fartøy i 2024, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden, i pressemeldinga.

Norled og Brødrene Aa har samarbeidd om fleire hurtigbåtar som har utfordra tekniske krav og miljøkrav, samt løysningar som gir universell utforming.

- Vi gleder oss til vidareutvikling av nye miljøvenlege hurtigbåtar saman med Brødrene Aa, seier Wolden.

Publisert: 15.07.2022 11:17

Sist oppdatert: 15.07.2022 13:17

Mer om