Via tv-serien har heile Norge blitt kjent med tv-serien og latt seg engasjere av ungdomane. Kva kan næringsdrivande lære av Team Pølsa, var spørsmålet som trekte fullsett sal til haustlunsj i Ålesund onsdag.
Hovudpersonen sjølv, Øystein Pettersen, vil ikkje svare på spørsmålet. Han meiner det var opp til deltakarane sjølv å avgjere, og unnskyldar seg med at han ikkje vil vere belærande.
– Eg kan fortelje kva vi gjorde og korleis vi tenkte. Så får dei finne ut sjølv kva dei kan bruke, seier han til Nett No.
– Folk er folk. Og med det meiner eg at vi er ulike
– Vi er ulike
– Det handlar alltid om folk. Og mitt mål er å bygge folk. Å få gode folk til å vite kva dei skal saman. Då er vi i gong, seier Pettersen.
Nokre minutt etterpå står han på scena.
– Folk er folk. Og med det meiner eg at vi er ulike.
Han viser til at personar har ulike sterke og svake sider, draumar og erfaringar – men at dei samtidig er veldig like når det kjem til grunnleggande behov for å høyre til og bli sett.
Den neste timen er ein slags A-B-C i lagbygging fylt med latter og nokre tårer.

Lagbygging er universelt
NRK-profilen som sjølv fekk høyre at uroa og snakketøyet var ei utfordring på skulen, har skapt eit levebrød av begge deler.
Éin ting er han 100 prosent klar på: Lagbygging er universelt.
– For å bygge eit lag, lokalsamfunn eller arbeidsmiljø, må vi ta vare på dei som skal vere med å gjere det. Det er noko som alle eigentleg veit, men vi har så lett for å gløyme det.
Skilnad på å «høyre til» og «passe inn»
Punkt nummer ein er å lage ein arena der folk har lyst til å vere med. Han understrekar skilnaden på å «høyre til» og «passe inn».
– I eit miljø som skal fungere, så må alle føle at dei høyrer til – og ikkje føle at dei må «bli som dei andre».
– Noko av det mest skumle er at alle skal inn i den same forma, held han fram.
Ansvaret for å skape slike miljø på ein arbeidsplass, idrettslag eller skule ligg på alle, meiner Pettersen.
– Du kan velje om det du gjer et positivt, eller negativt – men ingen kan fråseie seg ansvaret for korleis stemninga blir, eller laget blir, seier han.
– Må gjere folk i stand til å imponere
Viktigast av alt er meistring, ifølgje Team Pølsa-sjefen.
Og – som i serien – er det laget saman som gjer dei ulike deltakarane i stand til å fullføre oppgåva. Eit klipp der ungdomane i tv-serien isbadar får fram tårane hos fleire i salen.
– Ein må gjere folk i stand til å imponere. Det gjer at folk møter opp dagen etter. Min påstand er at det er meir avhengigheitsskapande enn Tiktok, seier han.
Og sjølvsagt mengdetrening – «viss du driv mykje med noko – så blir du god».

«Inkludering krever krav»
Team Pølsa-sjefen fortel at noko av det mest overraskande i arbeidet med tv-serien, var då han starta å stille krav til deltakarane.
Då fekk han beskjed om at det hadde dei gjerne ikkje opplevd tidlegare.
«Inkludering krever krav», lyser det på storskjermane på kvar side av salen.
Han er også oppteken av å utfordre vanetenking à la «slik har vi alltid gjort det»: – Annleis er ikkje alltid betre - men betre er alltid annleis.
Utfordra salen
Advokatfirmaet Øverbø Giørtz og Sparebanken Norge hadde regien på haustlunsjen på Pir – som dei håpar vil bli ein årleg seanse. I salen var det tjukt med næringslivsfolk.
Pettersen utfordra salen på om deira tilsette eigentleg viste kvifor dei gjekk på jobb.
Tydelege mål for kva som er poenget med det ein gjer er viktig. Samtidig åtvarar han mot å måle resultata undervegs i lagbygginga.
– Om vi har merksemda på det som faktisk teller, så finn vi ofte ut at det som kan målast seinare har ein verdi, seier han.
Publisert: 11.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 11.09.2025 00:43






