Sulagondol innfelt jim arve røssevoll illustrasjon snøhetta 22
VIL HA AVKLARING: Flakk Gruppen har bedt ordførar Jim Arve Røssevoll (innfelt) og dei andre politikarane, om ei avklaring om gondolprosjektet. Saka blir endeleg avgjort i kommunestyret neste veke. Illustrasjon/foto: Snøhetta/Marius Rosbach
Nytt

Ja til ny trasé for Sulagondolen

Grønt lys i første runde for alternativt forslag for reiselivssatsinga. Sjå sending frå møtet.

Marius Rosbach
27.04.2021

Lokalpolitikarane i formannskapet i Sula tok tysdag stilling til den nye traseen til Sulagondolen.

Kommunedirektøren si innstilling blei vedteke samrøystes, saman med ei presisering frå ordførar Jim Arve Røssevoll. Han viste til eit brev utbyggarane i Flakk Gruppen har kome med tidlegare i saka om korleis dei ville handtere berørte bebuarar, og ordføraren fekk støtte frå formannskapet om at det framleis må gjelde.

Saka om gondoltraseen blei vedteke utan debatt, og politikarane viste til at dei venta ein brei diskusjon om saka når kommunestyret gjere endeleg vedtak neste veke.

La fram alternativ trasé
I førre runde sa politikarane sa ja til regulering, men nei til gondol-traseen Flakk Gruppen har jobba med. I eit brev til kommunen har Flakk Gruppen bedt om ei klar tilbakemelding på prosjektet basert på ein alternativ trasé.

I denne omgang skal politikarane seie ja, eller nei til oppstart av ei områderegulering. Detaljar om korleis gondolen kan bli bygd, blir utgreia seinare og må i tilfelle opp til ny politisk behandling.

Råkar færre bustader
Utbyggaren meiner framleis at den første gondol-traseen dei teikna er den beste, men har teikna ein ny som råkar færre bustader. Denne går søraustover frå Devoldfabrikken, over Hargaugen mot ein mellomstasjon nordvest for Svanshornet, før den går sørvest mot Rundhornet.

Sjå teikninga av den nye traseen og les sakspapira til formannskapet sitt møte.

Møtet blei sendt direkte på Facebook-sida til kommunen og sendinga kan sjåast i opptak (saka gjekk sist i møtet).

Publisert: 27.04.2021 17:03

Sist oppdatert: 27.04.2021 21:04

Mer om