Sulagondol innfelt knut flakk illustrasjon snøhetta foto marius 22
GONDOLSATSING: Knut Flakk (innfelt) har lansert planar om å bygge ein gondol og legge til rette for aktivitetar på Sulafjellet.
Nytt

Spelar ballen til kommunen i gondolsaka

Politikarane sa ja til regulering, men nei til gondol-traseen Flakk har jobba med. Utbyggjaren har ikkje andre alternativ på lur.

Marius Rosbach
26.03.2021

Kommunestyret i Sula sa denne veka ja til at Flakk Gruppen får starte opp reguleringsarbeidet med ein gondolbane til toppen av Sulafjellet. Men med eit knapt fleirtal – 15 mot 14 stemmer – vende politikarane samtidig tommelen ned for trasevalet utbyggjaren har jobba med.

Flakk har ikkje anna forslag
I punktet som blei lagt inn i vedtaket går det fram at politikarane ikkje vil godta gondolbane over Bjørkhaugen. Kring 25 bustader blir direkte råka og for desse bebuarane er vedtaket minst ein halv siger.

Sjølv om kommunestyret sa ja til å gå vidare med ein reguleringsprosess – kan gondolbanen i praksis dermed vere parkert allereie.

Det var Sunnmørsposten som omtala vedtaket først.

(saka held fram under)

Sulagondol avstemming skjermdump 11
KNAPT FLEIRTAL: Forslaget om å ikkje godta traseen som var føreslått, fekk 15 stemmer under det digitale kommunestyremøtet onsdag. Skjermdump: Sula kommune

Knut Flakk seier at prosjektet ikkje er skrinlagt frå deira side, men at ballen no ligg hos kommunen. Flakk seier at han ikkje har noko anna traseforslag å kome med.

– I og med at traseen vi har jobba fram, er stemt ned, så blir det opp til kommunen å kome med eit anna forslag, seier han til NETT NO.

Vi kan ikkje halde å kome med forslag på forslag som ikkje blir godkjend
Knut Flakk

Oppstartsmøte er neste steg
Neste steg er eit oppstartsmøte mellom kommunen og Flakk Gruppen, der planen var at ein skulle kome fram til kva for området som skal inngå i ein reguleringsprosess.

Knut Flakk seier at han antek trasevalet vil bli tema på møtet. Tidlegare har han vore klar på at botnstasjonen må vere ved Devoldfabrikken og toppstasjonen ved Rundehornet.

– Vi kan ikkje halde å kome med forslag på forslag som ikkje blir godkjend. No er det opp til kommunen og kome på banen og tydeleggjere at dei ønsker ein gondol, eller ikkje, seier han.

I samband med behandlinga i det faste planutvalet tidlegare i månaden, blei det påpeike at alternative traseval må vere ein del av reguleringsarbeidet.

(saka held fram under)

Fleire satsingar
Familiekonsernet har fleire jarn i elden og er mellom anna i full sving med utbygging på Union-hotellet på Øye i Ørsta.

Flakk fortel at utbygginga går som planlagt og at kring 60 arbeidarar er i jobb dagleg på prosjektet. Meir enn 200 millionar kroner blir satsa for å utvide romkapasiteten, nytt driftsbygg og eit klyngetun.

Første del av utbygginga skal vere klar til sommaren: – Vi kryssar fingrane for at det går som planlagt, legg han til.

Etter sommarsesongen blir hotellet stengt for siste utbyggingsfase. Når dei opnar att, er planen at dei skal vere eit heilårshotell med betydeleg fleire tilsette.

Flakk Ljøen Hotel resepsjon utsikt illustrasjon snøhetta 111
LJØEN: Eit anna prosjekt Flakk jobbar med er hotell på Ljøen med utsikt frå resepsjonen mot innseglinga til Geirangerfjorden. Planane om å bygge hotell her og på Hellesylt er til godkjenning hos Stranda kommune. Illustrasjon: Snøhetta

Publisert: 26.03.2021 13:16

Sist oppdatert: 26.03.2021 13:33

Mer om