Bondalseidet 2 foto Ogne
NOK SNØ: Ved hjelp av to skitrekk og litt motbakke-gåing kjem brukarane av Ørsta Skisenter på Bondalseidet raskt opp i dette terrenget, så lenge det er nok snø i nedre del av anlegget til at skitrekket kan brukast. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Tel på knappane om heis

Rekordinntekter for Ørsta Skisenter i fjor.

01.07.2024

Billettinntektene og andre inntekter frå den ordinære drifta meir enn dobla seg frå året før, til 4,1 millionar kroner i 2023. Dei samla inntekten steig til 5,1 milionar kroner, og begge deler er rekord for selskapet (sjå tabell).

Rekneskapen til Ørsta Skisenter følgjer kalenderåret, ikkje skisesongen. I vinter hadde anlegget fleire driftsdøgn enn vinteren 2023, men hadde stengt i påska på grunn av snømangel, ifølgje styreleiar Gunnar Knutsen.

Ørsta Skisenter as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt5,14,4
Driftsresultat0,50,4
Resultat før skatt0,30,3

Manglar stolheis
Ørsta Skisenter sitt anlegg ligg på Bondalseidet i Ørsta kommune og har både skitrekk og stolheis frå nedre heisstasjon og eit skitrekk lenger oppe i fjellet.

Stolheisa er imidlertid ute av drift og selskapet tel på knappane om det er verdt å investere for å få stolheisa i drift igjen, ifølgje Knutsen.

Då tidlegare dagleg leiar slutta miste selskapet ein person med dei naudsynte sertifikata for å kunne drive heisa. Under koronarestriksjonane spelte ikkje det så stor rolle, men då det var aktuelt å ta heisa i bruk igjen var regelverket for godkjenning skjerpa.

Kan bruke trekket
Konsekvensen er at stolheisa ikkje er godkjent for persontransport og selskapet er usikker på om og kva som må til for å få stolheisa godkjent på nytt - eller om det eventuelt skal settast opp ny stolheis.

Alternativet til stolheis - for å utnytte skianlegget betre og få med seg inntektene frå skitrekket i øvre del av anlegget - er å legge kunstnø i øvre del av skitrekktraseen kombinerte med kunstfibermatter i nedre del av skitrekktraseen.

Publisert: 01.07.2024 11:06

Sist oppdatert: 02.07.2024 01:10

Mer om