Tussa Roar Stenersen Øyvind Kleven og Gunnar Slettestøl på Tussa tomta
NYBYGG: Roat Stenersen, Øyvind Kleven og Gunnar Slettestøl framfor Tussa-tomta på Mjølstaneset i Herøy. Foto: Tussa
Nytt

Tener stort på auka kraftpris

Tussa byggjer nytt i Herøy, og tener stort på at krafprisen har gått opp.

21.06.2021

Tussa auka resultat før skatt frå 23,9 millionar kroner i første tertial i fjor, til 93,1 millionar kroner i same tertial i år.

Hovudårsaka til auken er høgare kraftpris, som gir betre resultat innanfor kraftproduksjon. Driftsresultatet for kraftproduksjon vart 46,1 millionar kroner, som er 36,3 millionar kroner betre enn på same tidspunkt i 2020.

Samstundes melder selskapet at Tussa Installasjon skal byggje eit 1200 kvadratmeter nytt bygg på Mjølstaneset i Herøy, eit bygg som skal gi rom for vidare vekst og auka satsing i Herøy.

Tussa
Resultat 1. tertial (mill kr)2020 2021 2020
Driftsinntekter 332,2 314,9
Driftsresultat 84,5 60,2
Resultat før skatt 93,1 23,9

Betring for installasjon
Tussa opplyser at akkumulert kraftproduksjon i første tertial vart på 256,4 GWh (276,3). Produksjonen ved utgangen av tertialet var om lag 94 % av normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore 104 prosent av normalt.

Forretningsområdet installasjon har også hatt ei positiv resultatutvikling samanlikna med 1. tertial 2020, med ei auke i omsetninga på 31 prosent. Driftsresultatet vart 1,4 millionar kroner. Den auka omsetninga kjem i hovudsak som følgje av stor aktivitet i prosjektmarknaden. I tillegg har selskapet god tilgang på serviceaktivitet både i privat- og næringsmarknaden.

Forventar høg kraftpris
Selskapet viser til at det også er vekst i forretningsområdet IKT, som hadde ei omsetning på 79,0 millionar kroner første tertial. God utvikling innanfor IT-avtalar, konsulenttenester og handelsvare, og sal av meir internett og TV er hovudforklaringa til auken.

Tussa viser til at marknaden forventar at prisen på kraft for resten av året også vil vere høgare enn i fjor. Resultatet for kraftproduksjon vil då verte vesentleg betre enn fjoråret for Tussa.

Tussa Installasjon bygg Fosnavåg fasade mot nord
HERØY: Skisse av Tussa Installasjon sitt nybygg i Herøy. Bygget vert på 1200 kvadratmeter. Skisse: Tussa Installasjon

Skal tilsetje fleire
Tussa Installasjon satsar samstundes på nybygg i Herøy..

- Dei eksisterande lokala våre i Fosnavåg sentrum har blitt for små og er ikkje optimale for oss og vekstplanane til selskapet. På Mjølstadneset vert vi sentralt plassert, og vi får eit fleksibelt og smart forretningsbygg som vil bidra til positiv utvikling av avdelinga i Fosnavåg. Som eit ledd i satsinga er vi er på utkik etter fleire dyktige medarbeidarar.

- I tillegg til kontorplassar, garderobar og lager for vår eiga verksemd, kan det også vere aktuelt for Tussa IKT å leige kontorplassar der, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon, i ei pressemelding.

Solcelleanlegg
Bygget vil mellom anna bli utrusta med solcelleanlegg som vil forsyne lokala med fornybar energi.

Tomta er på 3,2 mål og er kjøpt av Baro Industrieiendom AS, med opsjon på å kunne kjøpe meir areal. Bygget er teikna av Bucci Arkitekter AS.

Byggearbeidet startar i september/oktober.

Publisert: 21.06.2021 11:55

Sist oppdatert: 02.09.2021 07:59

Mer om