Tenker nytt om parkering i Ålesund
Vil fylle ut for å gi plass til 400-600 bilar og nytt aktivitetsområde.
Onsdag la Ålesund parkering fram det som blir omtalt som ei moglegheitsstudie for eit nytt parkeringshus i byen.
-
Vi mener disse planene er kjempespennende og vil bli en game changer
for Ålesund sentrum. Målet vårt er å trygge de langsiktige
parkeringsbehovene. Som en ekstra bonus fører prosjektet til mindre
biltrafikk i sentrumskjernen, det øker bokvaliteten, gir byen en ny
fasade mot sjøen og øker Ålesunds attraktivitet. Det er vinn-vinn for
alle, uttaler daglig leder Roar Salen i Ålesund Parkering.
Planene blei presentert på Bra By-konferansen onsdag.
Vil også lage aktivitetsområde
To arkitektfirma blei invitert til eit paralelloppdrag for området vest for Meierikaia rett ved innfartsvegen E136. Forslaga omfattar ei større utfylling og tilbygging av område i sjøen.
I omtalen blir det påpeika at det er ønskeleg å etablere eit tilbod som park, eller friområde i tilknyting til anlegget for å tilføre byen ein ny møteplass og aktivitetsområde.
- Det vert vurdert eit mekanisk anlegg med heis, då dette kan vere svært arealeffektivt, heiter det vidare.
(saka held fram under)
Tidleg tidspunkt
Forslaga om eit nytt parkeringshus blir sett i samanheng med utbygginga av Sørsida-bydelen, der det vil forsvinne fleire områder som blir nytta for parkering i dag.
Det nye området ved Blixvalen er tenkt kopla saman med Kiperviktorget og vidare vestover.
- Vi etablerer eit større parkområde vest for Meierikaia, «Meieriparken», med eit lågmælt bygg i to etasjar som inneheld fasilitetar knytt til parkeringsløysing og supplert med lette paviljongar som kan innehalde bibliotek, kafé eller liknande, heiter det i planane.
Salen påpeiker at dei er på eit tidleg stadium, men at det kan bli aktuelt å gå vidare med eitt av forslaga på eit seinare tidspunkt.
(saka held fram under)
Vil knyte seg austover
I tillegg vil ein knyte området til ein planlagt gang- og sykkelveg austover inn mot Voldsdalsvågen.
- I den lille vika mellom sørsida og «Meieriparken» er det etablert eit mindre småbåtanlegg for båtgjestar og folk som kjem sjøvegen med kajakk, heiter det vidare.
Framtidig trafikkløysing er enno ikkje avklart, men det er planar om
både ny firefelts-veg og samtidig blir det diskutert moglegheitene for å
legge gjennomfartstrafikken i tunnell.
Publisert: 05.10.2022 14:27
Sist oppdatert: 05.10.2022 16:27