Håpar på Løvenvold-opning neste år
Momentium ut av pandemien med pluss-resultat. No skal dei bygge om den nye storstova i Ålesund.
Neste år feirar Løvenvold Kino-bygget 100 år. Det tenker Momentium-gjengen å markere på skikkeleg vis.
Om alt går etter planen startar ombygginga av det ærverdige sentrumsbygget i løpet av året. September neste år håper dei å invitere til opning.
Det kunne Lars Berg Giskeødegård frå Momentium fortelje då Bra By-konferansen gjekk av stabelen for 4. gong onsdag.
– Målet er å bygge kultur i og rundt Løvenvold Kino, sa Giskeødegård om prosjektet med å vekke til live det innhaldsrike bygget.
– Det har vore ein festplass for byens befolkning og ein plass der du kjem for å oppleve noko stort, understreka gründeren.
Slik skal det bli igjen fortalde Giskeødegård, og viste fram dei første skissene for korleis dei ser føre seg innsida.
Han fortalde at openheit og innsats har vore dei to stikkorda dei har jobba etter.
Momentium ser føre seg at porten skal vere høg og vid for kva som skal skje i bygget. I tillegg til kino vil dei ha alt frå show, konsertar og foredrag.
(saka held fram under)
Samarbeid med kommune og private
Ifølgje Giskeødegård har mykje av arbeidet så langt, dreia seg om å
finne ut korleis bygget kan få nytt liv – og ikkje minst kven som kan
vere med å finansiere det som skal skje.
Undervegs har dei samarbeida med både Ålesund kommune og fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal.
– Målet for det vi gjer, er å bygge eit enno sterkare kulturliv på Sunnmøre. Når desse byromma blir fylt med liv og aktivitet, så får vi ein meir aktiv by, la han til.
Momentium skal stå for drifta, via et nytt selskap Momentium Venue. Bygget er eigd av Brødrene Jangaard og H. I Giørtz via Løvenvold Theater Eiendom.
Les også
Førre veke la Momentium også fram konsernrekneskapet for fjoråret. Det viser at dei er tilbake med eit pluss-resultat, etter at 2020 enda med eit lite minusresultat etter skatt.
Giskeødegård fortel til NETT NO at dei har nøgd med korleis konsernet har kome seg gjennom dei utfordrande åra – og at dei fekk eit plussresultat på botnlinja etter fjoråret.
Medan dei merkar god interesse for dei større arrangmentene, er det tøffare å få folk til å kome til restaurantane og mindre arrangement, fortel han.
Omsetninga i koronaåret 2020 blei halvert til kring 50 millionar samanlikna med eit «normalår». I fjor steig inntektene til kring tre firedelar – drygt 75 millionar kroner – av omsetninga i åra før pandemien slo til (sjå tabell under).
Momentium Live-selskapet er klart størst, medan Momentium Event og Terminalen er dei andre to selskapa som sørger for mest inntekter inn i Momentium-kassa.
Momentium (konsern) | ||
Tal i mill. kr. | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 75,6 | 47,8 |
Driftsresultat | 1,9 | 3,5 |
Resultat før skatt | 1,5 | 0 |
Publisert: 05.10.2022 10:18
Sist oppdatert: 05.10.2022 17:49