Thon Gruppen kjoeper hotellbygg aksjar
NYTT HOTELLSELSKAP FLYTTAR INN?: Scandic-kjeden har leigekontrakt i Molovegen i Ålesund til september 2020. Tidlegare i år kom Thon Gruppen inn som medeigar i bygget.
Nytt

Thon Gruppen kjøper hotellbygg-aksjar

Er blitt medeigar av Scandic-hotellbygg i Ålesund.

25.06.2019
Thon Gruppen har kjøpt halvparten av aksjane i Nye Hotellbygg Ålesund. Det stadfestar aksjonær Ole Mikal Sætremyr.
Nye Hotellbygg Ålesund eig bygget som i dag husar Scandichotellet Scandic Ålesund i Molovegen i Ålesund, og kontorlokale som tidlegare var leigd av Vard.
Før salet til Thon Gruppen tidlegare i år var Nye Hotellbygg Ålesund eigd av søskena Ole Mikal Sætremyr og Kristin Sætremyr Fylling sitt selskap Sætremyr Hotellbygg Holding. No deler dei eigarskapen med Thon Gruppen.
Nye Hotellbygg Ålesund hadde 7,3 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 2,8 millionar kroner i 2018.

Stor hotellaktør

Thon Gruppen driv alt eit hotell i Kongens gate i Ålesund og Thon Hotel Baronen i Spjelkavika.
Sætremyr ønskjer ikkje å kommentere planar for bygget til Molovegen, og viser til Thon Gruppen.
Etter at Scandic-kjeden kjøpte konkurrenten Rica i 2014 fekk Ålesund tre hotell i Scandic-kjeden.
No er Scandic Scandinavie i Løvendvoldgata blitt til det frittståande Hotel 1904. Forsvinn også Scandic Ålesund ut av kjeda blir Scandic Parken i Storgata det einaste Scandichotellet i Ålesund sentrum.
Hotel 1904-bygget, Scandic Parken-bygget og Thon Hotel-bygget i Kongens gate er eigd av Jangaard-konsernet i Ålesund.

Leigeavtale til september 2020

Pr. i dag har eigedomshandelen ingen betydning for leigetilhøvet, skriv Scandic-sjef i Noreg, Svein Arild Steen-Mevold i ein epost til NETT NO.
Dagens leigeavtalen går ut i september 2020, og Steen-Mevold viser til huseigar for kommentar på kva som skjer når leigeavtalen går ut.
NETT NO har førebels ikkje lukkast i å få kommentarar frå Thon Hotels.

Publisert: 25.06.2019 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36