Anders Almestad Ragnar Thorseth foto Marius Rosbach 11
ÆRESMEDLEM: Leiar Anders Almestad i Fosnavåg Shippingklubb (t.v.) utnemnte Ragnar Thorseth som æresmedlem i Fosnavåg Shippingklubb. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Thorseth utnemnt som æresmedlem

Eventyraren innrømte at han av og til hadde vel stor tru på seg sjølv, men påpeika at det ikkje er nok for å lukkast.

Marius Rosbach
05.12.2022

Ragnar Thorseth vart utnemnt til æresmedlem i Fosnavåg Shippingklubb måndag kveld. Prisvinnaren takka for æra då nyheita vart kjent under den årlege julemiddagen som samla det maritime miljøet i Fosnavåg.

Årets æresmedlem trengde knapt nokon introduksjon til forsamlinga. Eventyraren og skribenten har heilt sidan slutten av 1960-talet reist ut på ekspedisjonar, som han deretter har fortald verda om.

Trekte fram støttespelarar og sponsorar
Thorseth fortalde at nettopp det å reise ut for å oppleve noko – og fortelje om opplevingane, hadde vore den viktigaste motivasjonen. Han meinte at det å trua på seg sjølve, har vore avgjerande for at han har klart å lukkast.

- Eg har hatt så sterk tru på meg sjølv at det kan ha vore i meste laget, innrømte han.

Samtidig var det ikkje nok, påpeika han. Thorseth trekte også fram alle støttespelarar og sponsorar som har gjort det mogleg å gjennomføre alle prosjekta.

- Om ingen andre også trur på deg, så har du ikkje ein sjanse, la han til.

Om ingen andre også trur på deg, så har du ikkje ein sjanse
Ragnar Thorseth

Ein rekke ekspedisjonar
Thorseth har mellom anna rodd åleine frå Måløy til Shetland, segla gjennom Nordvestpassasjen, overvintra på Svalbard og segla verda rundt med Saga Siglar, ein kopi av eit vikingeskip.

Herøyværingen har sjølv gitt ut ein rekke bøker frå ekspedisjonane sine. Det er óg laga fleire dokumentarar om prestasjonane hans.

Fosnavåg Shippingklubb har delt ut heideren Årets æresmedlem sidan 2007. Prisen har gått til personar som har utforska og tatt det maritime i bruk på heilt spesielle måtar.

Leiaren i Fosnavåg Shippingklubb, Anders Almestad, sa at ein trygt kan seie at årets æresmedlem har gjort nettopp det.

Publisert: 05.12.2022 19:05

Sist oppdatert: 05.12.2022 23:20

Mer om