Knut Arne Høyvik Gunhild Tveiten Harald Thorseth Foto Marius Rosbach 11
SAMARBEID: Boka «Minne frå krigsåra» har blitt til ved hjelp av prosjektleiar Knut Arne Høyvik (.t.v), historikar og oldeborn til Remø, Gunhild Tveiten og Herøy-forfatter Harald Thorseth. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gir ut bok om krigsseglaren Charles Remø

Han var kjent som fiskar og politikar. No kjem boka som fortel ei anna historie.

Marius Rosbach
12.11.2022

Charles Remø frå Herøy var eit kjent ansikt i fiskerinæringa og hadde eit sterkt engasjement i politikken i heile sitt liv.

Under andre verdskrig var han også krigsseglar som gav han ei rekke sterke historier og opplevingar. Desse skreiv han ned i eit manuskript som no er bearbeida til ei bok på drygt 160 sider.

- Dette er ei fantastisk historie frå eit tidsvitne, sa prosjektleiar Knut Arne Høyvik då boka blei lansert i Fosnavåg fredag.

John Magne Johannessen Vestvang Bokhandel Foto Marius Rosbach 11
LANSERING: Dagleg leiar John Magne Johannessen i Vestvang Bokhandel ønska velkomen til lanseringa av boka. Foto: Marius Rosbach

Historia representere fleire
Det var Knut Arne Høyvik som kom over manuset via familien, og meinte det burde bli ei bok. Han innsåg at fleire måtte bli involvert for å realisere prosjektet.

- Vi trur og håper at denne boka vil vere til stor interesse for mange i området, som både kan kjenne igjen eigen familie i historia, og få lære om dei mange krigssiglarane frå regionen vår, fortel Lisa Leinebø Pinheiro til NETT NO.

Pinheiro er borneborn til Remø og har skrive forordet til boka.

Gunhild Tveiten er den som har bidrege mest til boka frå familien. Ho er oldebornet til Remø, utdanna historikar - og ville gjerne vere med å få gitt ut historia.

Saman med Herøy-forfattar Harald Thorseth har ho gått gjennom manuskriptet for å få det klart til utgiving.

Sterke inntrykk, frykt og håp
I boka fortel Charles Remø om alt frå hemmelege oppdrag, månader i konvoi og opplevingane under D-dagen. Det handlar om sterke inntrykk, frykt – men også håp.

Mange av krigsseglarane var ungdomar som var borte frå heimane i månader og år, utan at familie og vener visste om dei var i live. Remø var sjølv berre 18 år då han reiste ut.

- Vi ønsker at boka skal stå som eit heider og minne for alle krigssiglarane frå området som aldri ville, eller fekk fortelje. Dagens situasjon i Europa viser kor viktig det er at vi aldri gløymer og tek lærdom av det dei gjorde for fridomen vår, seier Pinheiro.

Publisert: 12.11.2022 10:00

Sist oppdatert: 12.11.2022 04:39

Mer om