0428 smp hanna relling berg tonemolnes 2022 TMO9740
LØNSAMT: Sunnmørsposten hadde ein kraftig vekst i året som gjekk. Redaktør Hanna Relling Berg seier brukarinntektene har gått forbi annonseinntektene. Foto: Tone Molnes.
Nytt

Slik gjekk det med avisene på Nordvestlandet

Fleirtalet betra lønsemda i fjor. Den største tripla overskotet.

Ei oppsummering av avisene på Nordvestlandet viser at 2021 vart eit resultatsmessig godt år for mange av mediehusa.

Størst resultat var det regionavisa Sunnmørsposten som kunne vise til: 21,8 millionar kroner før skatt, opp frå 7,5 mill året før. Altså nær ei tre gangar høgare overskot på eitt år.

Heile oversikta finn du nedst i saka!

Administrerande direktør Kjell Slinning i Sunnmørsposten seier til NETT NO at det er fleire årsaker til dette.

– Det er ein kombinasjon av at vi lukkast med godt innhald og betener annonsemarknaden på ein måte annonsørane finn attraktiv. Vi har levert bra på dei to inntektsstraumane vi er mest avhengige av, seier Slinning.

Fleirtalet er digitale
I fjor fekk Sunnmørsposten for første gong fleire digitale abonnentar enn papirabonnentar. Betalande abonnentar utgjer no største delen av inntektene.

– Tidlegare utgjorde annonser kring 60 prosent av inntektene våre, medan det no er snudd om. No utgjer brukarinntektene bortimot 70 prosent av inntektene. At brukarinntektene har vorte viktigare, er ei utvikling som har skjedd dei siste åra, seier redaktør Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten har også opplevd innsparingar og synergiar av å flytte inn i nye lokaler i PIR-bygget i Ålesund, etter 19 år i Røysegata. Samstundes har Polaris Media etablert ei eining for streaming og levande bilete hos Sunnmørsposten.

1018 sunnmørsposten pir tonemolnes 2021 TMO0204
STERKT: Sunnmørsposten leverte i fjor det sterkaste resultatet sidan 2010. Her er adm.dir. Kjell Slinning og ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i det nye lokalet i PIR-bygget. Foto: Tone Molnes.

– Det var vi glade for. Det tilfører regionen fleire arbeidsplassar og kompetanse. Våre folk kan då bistå mediehus i Polaris Media over heile landet med streaming og direktesendingar, seier Relling Berg.

Til liks med andre aviser, merkar Sunnmørsposten at papiravisa kostar meir å produsere. Økonomidirektør Gaute Bjørkestøl merkar prisveksten innan papir, trykkeri og distribusjon.

– Det pressar lønsemda på papirproduktet. Vi er avhengige av å halde fram med konverteringa av brukarar over til det digitale.

Likevel kan trufaste papiravis-lesarar ta det roleg. Papiravisa forsvinn ikkje med det første.

– Alle som vil lese papiravisa, får papiravis. ho er framleis eit viktig produkt for mange av lesarane våre. Men vi ser at veksten kjem digitalt. Alle har eit digitalt abonnement, og det er viktig for oss at abonnentane ser moglegheita dei har i tillegg til papiravis, seier Relling Berg.

Fleire auka
Også blant dei mindre avisene, var det jamt over gode resultat å sjå i 2021. Fleirtalet betra resultatet sitt, medan andre gjekk marginalt ned frå året før.

Ei typisk mellomstor avis som kunne skilte med auke, var Vestlandsnytt, som dekkjer Herøy og Sande. Dei enda med eit resultat før skatt på 3,1 millionar kroner – opp frå 2 millionar året før. Den totale omsetnaden for avisa i 2021 var 13,4 millionar kroner.

Redaktør og dagleg leiar Endre Vorren rettar først og fremst takka for det positive resultatet til staben i avisa.

– Det var eit bra fjorår. Først og fremst takka vere godt arbeid av dei tilsette i ein ganske liten organisasjon, som er både effektiv og dyktig, seier Vorren.

20 NYH redaktør
VEKST: Vestlandsnytt er ei av avisene som har hatt framgang det siste året. Her er redaktør Endre Vorren. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik.

Størst vekst digitalt

– Utgjer abonnentar eller annonser viktigaste inntektskjelda?

– Det er ein fin kombinasjon, men at vi har hatt ein fin vekst i brukarinntekter er heilt sikkert. På marknad/annonser har vi hatt vekst både i papirannonser og digitalt, men prosentvis størst er veksten på digitale flater.

Vorren opplyser at om lag 4,9 millionar kroner kom frå annonsar, medan abonnement- og laussalsinntektene kom opp i vel 8,2 millionar kroner.

– For begge inntektsgruppene er det tale om ein auke på rundt 650.000 kroner.

– Har lesarane vorte vande med å betale for å lese aviser på nett?

– Ja, det er akseptert at ein må betale for journalistikk. Vi har eit kvalitetsprodukt som vi sjølvsagt må ta betalt for.

Held på papiravisa
I tillegg til nettavisa, kjem Vestlandsnytt ut i papirformat tysdagar og fredagar. Ifølgje Vorren er papiravisa framleis avgjerande for avisa sine inntekter – sjølv om kostnadane med å trykkje og distribuere ho er stadig aukande.

– Vi har fått ei dobling i prisen på papir no. Det vil vi merke, for det er ein monaleg kostnadsauke for oss.

– Papiravisa er seigliva?

– Ja, men vi har ingen planar om å slutte med papiravis, sjølv om kostnadsbiletet er litt utfordrande. Inntektene frå papirannonsering er framleis klart størst, også fordi vi er såpass ferske på nett. Vi ønskjer å levere gode produkt og ein god plattform på papir i åra som kjem, seier Vorren.

Uventa støtte
Også 2022 ser ut til å verte eit lønsamt år for Vestlandsnytt, men Vorren trur ikkje ein kan vente fullt så gode resultat og driftsmarginar i tida framover.

– Det er ein kamp om både marknad og kundar. Vi må berre halde oppe dampen for å kunne levere framover også.

Noko overraskande for Vestlandsnytt, var at dei i 2021 fekk 640.000 kroner i pressestøtte. Dette hadde dei ikkje venta, og tok difor imot pengane med eit atterhald.

– Vi bestemte oss for å setje av ein motpost i rekneskapet, for vi går ut ifrå det er ein feil av Medietilsynet. Difor påverkar det heller ikkje årsresultatet.

AE Sby pressebilde
NYSATSING: Nytt i Uka kjem no med dagleg nettavis: aesby.no. Fv. ser vi Kenneth Kamp, Eli Kvamme, Gitte Olsen, Kåre Stig Nøstdal, Anne Solveig Berge Trandal og Kristian Moe.

Ultralokal avis
Vekeavisa Nytt i Uka vart i fjor kjøpt av Sunnmørsposten, og denne veka lanserte Nytt i Uka ei digital satsing: Ei ultralokal nettavis med namn aesby.no.

– Vi ønskjer å kome nærare folka og dei små, bra – og forsåvidt kritikkverdige tinga som skjer i lokalsamfunnet vårt, seier redaktør Kåre Stig Nøstdal til NETT NO.

Han vil frå no av vere redaktør for både vekeavisa Nytt i Uka og for nettavisa aesby.no. Resten av staben vil også vere den samme som før: fire i redaksjonen og fire i annonseavdelinga.

Nøstdal seier aesby.no skal vere eit supplement, men ikkje ei erstatning for den tradisjonsrike papiravisa. Noko overlapp i stoffet vert det, men målet er at lesarane skal finne noko nytt i begge formata.

– Kva forventingar har du til aesby?

– Vi har høge forventningar til oss sjølv, og gjennomtenkte målsetjingar om kor fort vi skal byggje trafikk og ta den posisjonen vi ønskjer som ein naturleg del av folk sin mediekvardag. Det er ei moglegheit vi har med bakgrunn i Nytt i Uka.

Aviser på Nordvestlandet
Tal i mill. kroner
(P)=Eigd av Polaris Media
Driftsinntekt
Res. f. skatt
Selskap
2021
202020212020
Sunnmørsposten (P)
140,5
127,221,87,5
Romsdals Budstikke (P)
85,5
82,315,814,4
Fjordenes Tidende (P)
17,4
16,51,61,4
Fjordingen (P)
16,3
15,12,51,3
Møre-Nytt (P)
15,9
15,43,53,6
Vikebladet Vestposten (P)
14,0
12,92,82,1
Åndalsnes Avis (P)
13,7
13,01,92,4
Vestlandsnytt (P)
13,4
12,13,12,0
Fjordabladet (P)
11,8
10,61,51,1
Mediehuset Nyss (Nyss) (P)
11,7
3,51,4-0,5
Avisdrift Gloppen (Firda Tidend)
11,5
10,60,50,1
Aarflots Prenteverk (Møre)
11,4
12,40,70,8
Bygdebladet
10,7
9,90,10,002
Media Vest (Nytt i Uka) (P)
10,3
8,8-0,9-1,4
Nordre
5,5
5,40,20,9
Sulaposten
4,7
4,80,20,4
Synste Møre
4,0
4,00,20,3
Vestnesavisa
3,9
3,60,4-0,02
Øy-Blikk
3,2
3,30,10,4
Bakkar og Berg Media (NettNo)
3,1
2,4-0,1-0,6
Storfjord Bladlag (Storfjordnytt)
2,8
2,50,20,1
Midsundingen
2,4
2,00,30,2
Sum413,7378,357,836,45

Publisert: 26.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 25.08.2022 23:38