Tomislav Debeljak Karl Rosen tingretten foto Marius Rosbach
SAKSØKT: Tidlegare verftseigar Tomislav Debeljak (t.v.) er saksøkt av konkursbuet etter Kleven. Advokat Karl Rosén representerer forsikringsselskapet Tryg som teikna styreforsikring for Debeljak - og også er saksøkt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Dei heldt Kleven sin skjebne i sine hender

Meiner bankane kunne handla annleis etter møte med tidlegare verftseigar.

Marius Rosbach
10.11.2023

Eit møte mellom den tidlegare Kleven-eigaren og dei involverte bankane, er eit vendepunkt i søksmålet som går føre seg i Hordaland tingrett.

Konkursbuet etter verftet krev erstatning for opptil 136 millionar kroner, som følgje av tap dei meiner Tomislav Debeljak påførte Kleven etter at han overtok som verftseigar våren 2020. Dei saksøkte sine advokatar ber om frifinning.

Rett etter møtet 23. juni 2020 kansellerte bankane sine avtaler med den kroatiske forretningsmannen, fordi dei meinte han hadde brote ned all tillit.

Torsdag fekk tingretten i Bergen for første gong høyre korleis Debeljak og Div Group – kroaten sitt selskap i heimlandet – såg på det mykje omtalte møtet.

  • NETT NO følgjer saka i tingretten. Fredag skal bustyrar og den tidlegare verftseigaren forklare seg.

– Dei valde å gjere det brutale
Advokat Karl Rosén som representerer dei saksøkte i saka, meinte at bankane med eit pennestrøk slo Kleven konkurs – men at dei hadde andre alternativ.

– Det er svært alvorleg det bankane driv med her, og dei heldt Kleven si skjebne i sine hender, sa advokaten i si oppsummering.

Bankane kunne óg ha handla annleis, eventuelt lukka kontoane, og teke opp ein skriftleg dialog med Debeljak for å løyse saka, meinte Rosén.

– Dei valde å gjere det brutale umiddelbart etter møtet, la advokaten til.

Oppseiinga av avtalane førte til at verftselskapa melde oppbod kort tid etterpå.

– Alle har eigeninteresse i saka
Tidlegare har retten fått høyre om møtet frå saksøkjarane si side.

Dei hevdar at Debeljak erklærte at han forsettleg ville misleghalde avtalen med bankane og at Kleven ikkje ville ferdigstille eit nybygg det var inngått kontrakt på.

Dei saksøkte sin advokat påpeika at denne opplevinga av møtet i første rekke var basert på ein e-post skrive av bankane sin advokat i etterkant av møtet.

– Det er vitne som alle har eigeninteresse i saka, understreka Rosén.

Han viste også til at det ikkje blei skrive referat frå møtet, eller at det var ein klar agenda.

– Det er mange lause tråder her, men advokaten trekk likevel bastante konklusjoner, la han til.

Viste chatmeldingar og e-post før møtet
Medan konkursbuet meiner at verftseigaren bevisst gjekk inn for å bryte avtalen med bankane, svarar dei saksøkte sina advokatar at Debeljak ikkje hadde nokon slik hensikt.

Rosén viste til chatmeldingar mellom Div Group-tilsette og ein e-post Debeljak skal ha ønska å sende til dei som deltok på møtet.

Her var det ingenting som tyder på at ein planlegg for noko anna, enn å halde fram satsinga på verftet. I utkastet til e-posten blir det mellom anna påpeika at dei har alle intensjonar om å jobbe for at Kleven skulle bli ein viktig del av Div Group.

Overraska over reaksjonen frå bankane
Retten har fått høyre korleis bankane fleire gonger purra på verftseigaren om å oppfylle forpliktingane sine.

Torsdag blei det også lagt fram forsikringar frå bankane så seint som i slutten av mai 2020, om at dei hadde full tiltru til motiva til dei kroatiske eigarane.

Rosén meinte difor at Debeljak ikkje hadde grunn til å vente at bankane ville seie opp låna.

Etter at Div Group fekk meldinga frå bankane om at dei sa opp avtalane, skreiv finansdirektøren i det kroatiske selskapet med ein gong ein e-post til ein advokat for å be om råd.

Der gav han uttrykk for at han var overraska over reaksjonen, og at konsernet i det minste hadde venta eit varsel med ein frist.

– Det viser ein genuin overrasking, som på ingen måte underbygger ei oppfatning om at Debeljak hadde til hensikt å køyre Kleven konkurs med vilje, meinte Rosén.

Publisert: 10.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2023 01:30

Mer om