Han har to gonger reist til Pakistan og India for å møte produsentar og sjå på arbeidsforholda, og Belsvik planlegg nye turar.
- Etisk handel er vanskeleg i praksis, og eg kan ikkje garantere at alle aktørane følgjer ein akseptabel etisk standard, men vi ønskjer likevel å utgjere ein skilnad, seier han.
Nor Tekstil kjøper inn og eig kring 80 prosent av tekstilane og leiger dei ut og vaskar dei for kundane.
- Vi er ein svært liten aktør i den globale marknaden, men vi ønskjer likevel å påverke leverandørane våre i ønska retning, seier Belsvik, som saman med broren Ove Egil Belsvik og mora Ester har utvikla familiebedrifta i Florø til eit stort og moderne selskap med 19 vaskeri (sjå faktaboks).
I tillegg til Pakistan (2011) og India (2013), har bedrifta også besøkt arbeidsplassar i Polen. Målet er å gjennomføre slike besøk med 12 til 18 månaders mellomrom, skriv styret.
- I desse besøka treff vi alltid toppleiing og ofte eigarar frå produsentane. I dialogen tek vi opp tema som barnearbeid, arbeidsmiljø, arbeidstider og liknande. Vi kan ikkje dokumentere verknaden av dette, men vi trur at det påverkar korleis produsentane organiserer verksemda si og at dialog er ein føresetnad for betre arbeidsforhold, seier Belsvik.
I 2009 gjekk Nor Tekstil inn i organisasjonen Initiativ for etisk handel (IEH), og plikta seg dermed til å rette seg etter dei krav og retningsliner som gjeld på innkjøpsområdet.
- Organisasjonen vert nytta som ein samarbeidspartnar, ressurssenter og pådrivar for etisk handel. Sidan vi melde oss inn, har vi utvikla rutinar for å stille krav til leverandørane våre, som igjen må stille krav til sine produsentar. Nor Tekstil har også utarbeidd eigne retningsliner for etisk handel, såkalla Code of Conduct, seier Belsvik.
Nor Tekstil har plikta seg til å støtte Build Aid med 500.000 kroner over fire år, og så langt er 400.000 kroner utbetalt til nye skulebygg, sanitæranlegg og barneheimar i dei to landa, går det fram av årsmeldinga til selskapet.
- Etisk handel er vanskeleg i praksis, og eg kan ikkje garantere at alle aktørane følgjer ein akseptabel etisk standard, men vi ønskjer likevel å utgjere ein skilnad, seier han.
200 tonn kvar dag
Landets største vaskerikjede, Nor Tekstil AS, vaskar kring 200 tonn arbeidstøy og tekstilar kvar dag. På kundelista står helseinstitusjonar, hotell, oljeplattformer, næringsmiddelprodusentar og forsvaret.Nor Tekstil kjøper inn og eig kring 80 prosent av tekstilane og leiger dei ut og vaskar dei for kundane.
- Vi er ein svært liten aktør i den globale marknaden, men vi ønskjer likevel å påverke leverandørane våre i ønska retning, seier Belsvik, som saman med broren Ove Egil Belsvik og mora Ester har utvikla familiebedrifta i Florø til eit stort og moderne selskap med 19 vaskeri (sjå faktaboks).
Sjekkar barnearbeid
I årsmeldinga for 2013 har styret i Nor Tekstil AS sett av fleire sider til tema ”Etisk handel” og ”Samfunnsansvar”, der bedrifta grunngir og konkretiserer korleis dei engasjerer seg på desse felta.I tillegg til Pakistan (2011) og India (2013), har bedrifta også besøkt arbeidsplassar i Polen. Målet er å gjennomføre slike besøk med 12 til 18 månaders mellomrom, skriv styret.
- I desse besøka treff vi alltid toppleiing og ofte eigarar frå produsentane. I dialogen tek vi opp tema som barnearbeid, arbeidsmiljø, arbeidstider og liknande. Vi kan ikkje dokumentere verknaden av dette, men vi trur at det påverkar korleis produsentane organiserer verksemda si og at dialog er ein føresetnad for betre arbeidsforhold, seier Belsvik.
Vanskeleg i praksis
Belsvik seier at etisk handel er vanskeleg i praksis, og at han ikkje kan garantere at alle aktørane i verdikjeda følgjer ein akseptabel etisk standard. Dette gjeld mange ledd - frå bomullsdyrkarane til dei som haustar, karvar, spinn og fargar og fram til fabrikkarbeidarane som ferdigstiller tekstilane - som kanskje kjem i bruk på ein sjukeheim eller ei oljeplattform i Norge.I 2009 gjekk Nor Tekstil inn i organisasjonen Initiativ for etisk handel (IEH), og plikta seg dermed til å rette seg etter dei krav og retningsliner som gjeld på innkjøpsområdet.
- Organisasjonen vert nytta som ein samarbeidspartnar, ressurssenter og pådrivar for etisk handel. Sidan vi melde oss inn, har vi utvikla rutinar for å stille krav til leverandørane våre, som igjen må stille krav til sine produsentar. Nor Tekstil har også utarbeidd eigne retningsliner for etisk handel, såkalla Code of Conduct, seier Belsvik.
Skular i Vietnam
Nor Tekstil har også engasjert seg gjennom den lokal organisasjonen Build Aid, som byggmeister Ole Stenbakk i Florø står bak. Han selde verksemda si i Sunnfjord og byggjer skular mellom anna i Haiti og Vietnam – med hjelp frå lokale sponsorar.Nor Tekstil har plikta seg til å støtte Build Aid med 500.000 kroner over fire år, og så langt er 400.000 kroner utbetalt til nye skulebygg, sanitæranlegg og barneheimar i dei to landa, går det fram av årsmeldinga til selskapet.
Vi kan ikkje dokumentere verknaden av dette, men vi trur at det påverkar korleis produsentane organiserer verksemda si
Publisert: 16.05.2014 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33






