Nytt
Tilbakeslag for Stordal-satsing
Norsk Sjømat har fått avslag på søknad om visningskonsesjon for oppdrettsanlegg i Stordal. Kunne gitt klarsignal for store investeringar og nye jobbar.
23.10.2017
I mai i år fekk Norsk Sjømat avslag på søknaden om utviklingskonsesjon i Stordal. Avslaget også på søknaden om visningskonsesjon er eit nytt tilbakeslag for Norsk Sjømat sine investeringsplanar i Stordal.
Det første avslaget er det klaga på. Avslaget på visningskonsesjonssøknaden blir også klaga på, seier Jarle Myking i Norsk Sjømat.
Søknadane er ikkje like, men den praktiske konsekvensen av eit ja for den eine eller andre er den same - investeringar og nye jobbar i Stordal.
- Vi har eit prosjekt i Stordal vi skal investere 400-500 millionar kroner i og skape 50-60 arbeidsplassar, sa Norsk Sjømatsjef Per Magne Grøndahl til NETT NO då selskapet fekk nei til utviklingkonsesjon i mai.
Eit komplett anlegg frå settefisk til slakteklar laks er eit vilkår for at Norsk Sjømat meiner investeringa i Stordal vil løne seg.
Ein visningkonsesjon er blir gitt til anlegg som er tilpassa for å vise fram verksemda for publikum.
Dersom Fiskeridirektoratet ikkje ombestemmer seg og gir Norsk Sjømat utviklingskonsesjonane selskapet har søkt om blir klagen sendt vidare til Fiskeridepartementet, som er klageinstans.
Espeland blei tilsett då Vekst i Stordal blei etablert i 2015. Målet for prosjektet var 75 nye arbeidsplassar i løpet av fire år.
Fell Norsk Sjømat-satsinga på plass vil "Vekst i Stordal" vere langt på veg mot målet.
Det første avslaget er det klaga på. Avslaget på visningskonsesjonssøknaden blir også klaga på, seier Jarle Myking i Norsk Sjømat.
Søknadane er ikkje like, men den praktiske konsekvensen av eit ja for den eine eller andre er den same - investeringar og nye jobbar i Stordal.
Tomme fabrikkar og nye 50-60 arbeidsplassar
Norsk Sjømat og samarbeidspartnaren, lakseavlselskapet Aqua Gen, vil bokstavleg tala fylle tomme møbelfabrikklokale langs sjøkanten i Stordal med nytt liv. Dei skal romme eit innandørs smoltanlegg, som skal ale fisken opp til ein større storleik enn det som er gjengs på vanlege smoltanlegg. Deretter skal fisken settast i sjøen, i anlegg som Norsk Sjømat har søkt om å få - som ein del av den samla søknanden.- Vi har eit prosjekt i Stordal vi skal investere 400-500 millionar kroner i og skape 50-60 arbeidsplassar, sa Norsk Sjømatsjef Per Magne Grøndahl til NETT NO då selskapet fekk nei til utviklingkonsesjon i mai.
Eit komplett anlegg frå settefisk til slakteklar laks er eit vilkår for at Norsk Sjømat meiner investeringa i Stordal vil løne seg.
Stimulere teknologiutvikling
Utviklingskonsensjonar er ei ordning som er innført for å stimulerer til teknologiutvikling i oppdrett. Fordi det er svært store begrensningar i utlysing av nye konsesjonanr til å drive oppdrett er utviklingskonsesjonane ettertrakta.Ein visningkonsesjon er blir gitt til anlegg som er tilpassa for å vise fram verksemda for publikum.
Til Fiskerdepartementet
Medan Norsk Sjømat har ein lang veg å gå før selskapet får svar på klagen på visningskonsesjonsavslaget, er svaret på klagen på utviklingskonsesjons-avslaget rett rundt hjørnet.Dersom Fiskeridirektoratet ikkje ombestemmer seg og gir Norsk Sjømat utviklingskonsesjonane selskapet har søkt om blir klagen sendt vidare til Fiskeridepartementet, som er klageinstans.
Viktig for Stordal
Utfallet i klagesakene er viktig for utviklinga i Stordal. Målt i arbeidsplassar er dette det klart viktigaste prosjektet for satsinga "Vekst i Stordal" arbeider med, i følgje prosjektleiar Harald Espeland. På topp hadde kommunen 475 arbeidsplassar i møbelindustrien, no står storparten av fabrikkane tomme eller er lagerlokale.Espeland blei tilsett då Vekst i Stordal blei etablert i 2015. Målet for prosjektet var 75 nye arbeidsplassar i løpet av fire år.
Fell Norsk Sjømat-satsinga på plass vil "Vekst i Stordal" vere langt på veg mot målet.
Publisert: 23.10.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15