Tilset fleire etter rekordvekst paa hydraulikk
FLEIRE FOLK: Dagleg leiar Stian Garnes og sal- og marknadssjef Einar Warholm får snart fleire nye kollegaer. Bak dei i den moderne produksjonshallen på Hareid, står fleire leveringsklare krafteiningar som skal om bord på nye ferjer.
Nytt

Tilset fleire etter rekordvekst på hydraulikk

Dimo med overskott og kraftig vekst gjennom heile offshorenedturen. 

Marius Rosbach
21.02.2019
Sal og utvikling av hydrauliske krafteiningar gir jobb til stadig fleire i vekstbedrifta Dimo på Hareid. Etter å ha opplevd stor auke i omsetnaden, har også talet på tilsette stege frå 19 til fleire enn 30 dei siste tre åra.
– Vi synest no vi har lukkast veldig bra, seier sal- og marknadsjef Einar Warholm til NETT NO etter å ha fortald om det bedrifta har opplevd dei seinare åra.

Rekordomsetnad

Bedrifta som vart starta opp att i 2011, har vore gjennom ei rivande utvikling dei siste åra. Samstundes som dei har levert overskott kvart år, har omsetnaden stadig nådd nye høgder - med ny rekord i fjor på 75 millionar.
– Vi vil ikkje at det skal gå for fort, men vi har eit langsiktig mål om å nå 100 millionar om to år, seier dagleg leiar Stian Garnes.

Modernisering og nybygg

Samstundes har Hareid-bedrifta investert betydeleg i lokala som ligg rett ved ferjekaia.
For kring halvanna år sidan kunne dei ta i bruk ein splitter ny kontordel og inngangsparti. Då vart også resten av det tidlegare hamnelageret opprusta til ein moderne produksjonshall med ny fasade utvendig.
– No har det vorte eit moderne og fint lokale samanlikna med korleis det var før, seier Warholm.

Opptil 50 søkjarar på ei stilling

Etter at Dimo nyleg tilsette to nye medarbeidarar, er dei i ferd med å tilsette fem til i desse dagar. Både innkjøpar, ordrebehandlar, montør, serviceingeniør og teknisk teiknar skal på plass i løpet av kort tid.
– Det er veldig mange som har søkt og vi hadde mange relevante søkjarar til alle stillingar. På enkelte stillingar hadde vi oppe i 50 søkjarar, seier ein nøgd dagleg leiar Stian Garnes – som er trygg på at dei vil finne dyktige folk til jobbane.
Den kraftige veksten – og eit ønskje om å få høgare inntening – ligg bak behovet for fleire folk.
– Vi tener pengar, men vi skulle gjerne tent meir. Noko av utfordringa når vi veks fort, er å få botnlinja til å følgje etter. Vi treng meir folk for å gjere jobben på ein betre måte, seier Garnes.

Heilskinna gjennom nedturen

At Dimo kom seg gjennom åra med nedturen i offshore utan raude tal – og kraftig vekst, forklarar Warholm slik:
– Vi var allereie inne på ferjer, linebåtar og trålarar då nedturen starta. Samstundes som det har vore fornying i ferje og trålarflåten – har det vore bygd ein del linebåtar dei siste åra.
I løpet av det siste året har dei også .

Les også:



Meir liv i offshore

I produksjonshallen fleire krafteiningar som Rolls-Royce Marine i Brattvåg skal nytte til fortøyingar. Litt lengre vekk står ein konteiner som skal fyllast med kraftig hydraulikk og nyttast med eit vinsjesystem på eit offshoreskip. Kunden er eit Molde-firma, som dei har levert til tidlegare.
– Den seinare tida har det vore meir installasjonar til offshore og vi merkar auke i førespurnader og ordrar, seier Warholm.

Fisk, møbel og service

Den maritime marknaden står framleis for størstedelen av inntektene til bedrifta. Men dei har også kundar frå fiskeindustrien på land og møbelbedrifter som Ekornes, som nyttar hydraulikk til å forme produkta sine.
– I tillegg har vi eige serviceavdeling og Parker Store i Saunesmarka i Ulsteinvik med kring ti tilsette, som er viktige på ettermarknaden. Der har vi ein del oppdrag for entreprenørar og reiarlag som treng overhaling av utstyr, eller kanskje ein ny sylinder, seier Warholm.
Vi var allereie inne på ferjer, linebåtar og trålarar då nedturen starta

Publisert: 21.02.2019 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31