I 2024 vart det offentleggjort 34 nybyggingskontraktar med ein samla verdi på 20 milliardar kroner ved norske skipsverft. Det viser bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.
Det er omlag likt med 2023, og skil seg kraftig frå 2022, då ordreinngangen berre var på 6,6 milliardar kroner.
Ved utgangen av 2024 hadde norske skipsverft 70 fartøy under bygging eller i bestilling, med ein samla verdi på 44 milliardar kroner. Ved utgangen av 2023 var tilsvarande tal 56 fartøy til ein samla verdi på 37 milliardar.
Ulike fartøy
Ordrestatistikken viser også at skipsverfta no har fleire bein å stå på.
Heile ni kategoriar fartøy er under bygging eller i bestilling hos norske verft per i dag. Ulike typar konstruksjon-, service- og støtte fartøy for vind- og/eller oljebransjen utgjer 21 prosent av ordreboka, arbeids-/servicebåtar 20 prosent og fiskeri 17 prosent.
Dei øvrige kategoriane er ferjer, brønnbåtar/bløggebåtar, kabelleggjarar, fraktefartøy, reindyrka vindindustrifartøy og forskingsfartøy.
Tener pengar
Den store ordreinngangen dei to siste åra kjem samstundes med at verfta betrar lønsemda.
Samla sett gjekk bransjen frå minus i 2022 til plussresultat i 2023.
Hovudårsaka er at Vard krympar underskotet. Med tre verft på Nordvestlandet er konsernet den klart største skipsbyggaren i Noreg, og Vard-tala veg tungt i statistikken. Men også om Vard ikkje blir rekna med, viste bransjen auka lønsemd frå 2022 til 2023.
Vard offentleggjer ikkje tal for heile konsernet, men Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti sa til Nett No i november 2024 at konsernet i 2024 samla sett var på veg mot sitt andre pluss-år på rad. Vard har verft også i Vietnam, Romania og Brasil.
Publisert: 02.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 03.01.2025 14:20