
Verfta frå minus til pluss med tjukk ordrebok
Oppdraga strøymde på mot slutten av fjoråret - og oppturen held fram i år. Her er årets resultatoversikt.
Nett No-barometeret
Hittil i år har skipsverfta langs norskekysten offentleggjort 22 nybyggingskontraktar, for til saman 12 milliardar kroner. I heile fjor var det inngått 34 kontraktar, for 24 milliardar kroner, viser statistikken til sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
Til samanlikning var ordreinngangen berre 6,6 milliardar kroner i 2022.
Det er ein god sjanse for at ordreinngangen i 2024 kan ende på nivå med 2023, i all fall målt i kroner, etter administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft si vurdering.
- Vi har ein god periode no og det ventar vi vil fortsette seier Strønen til Nett No.
Tener pengar
Den store ordreinngangen kjem samstundes med at verfta betrar lønsemda.
Samla sett gjekk bransjen frå minus i 2022 til plussresultat i 2023.
Sjå resultatoversikt under saka
Hovudårsaka er at Vard krympar underskotet. Med tre verft på Nordvestlandet er konsernet den klart største skipsbyggaren i Noreg og Vard-tala veg tungt i statistikken. Men om Vard ikkje blir rekna med, viser bransjen auka lønsemd frå 2022 til 2023.
Brønnbåtverft på topp
Med eit resultat før skatt som tilsvarar 21,8 prosent av driftsinntektene (resultatmargin) er Aas Mek. Verksted på Vestnes det klart mest lønsame av skipsverfta.
Aas Mek. Verksted har spesialisert seg på brønnbåtar. Etter ein tørkeperiode etter innføringa av den såkalla grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa fekk verftet i sommar ny oppdrag frå sin største kunde dei siste åra, brønnbåtreiarlaget Sølvtrans og frå Njord Aquashipping.
Nest mest lønsame verft i fjor var Vegsund Slip, med ein resultatmargin på 9,6 prosent.
Samla sett er resultatmarginen likevel framleis låg - 1,9 prosent i snitt for alle verfta, og 3,6 prosent dersom Vard ikkje blir rekna med.
Les også
Knuste alle tidlegare rekorder. Og no reknar verftet på fleire nybygg.
«Ketchup-effekt» i ordreboka til verftet etter langvarig ordrebrems på brønnbåt.
Satsar på forsvar
Ifølgje Strønen kjem ordreinngangen frå mange ulike kundar, og er spreidd på større og mindre verft.
Bransjen satsar no på ein ny marknad, etter at krigen i Ukraina og auka internasjonal spenning har fått mellom andre Noreg til å starte ei opprustning som omfattar nye krigsskip. Det vil kome på toppen av veksten i den øvrige marknaden.
Også verft som ikkje satsar på oppdrag for Forsvaret ser positivt på forsvarsmarknaden, ifølgje Strønen.
Sjansen til å vinne oppdrag i den sivile marknaden aukar om konkurrentane er opptekne med å bygge krigsskip.
Verft-resultat | ||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | |||
Tal i mill.kroner | 2023 | 2022 | 2023 | 2022 |
Vard Group | 5727,0 | 6002,1 | -87,9 | -423,7 |
Westcon Yards | 1895,8 | 1692,6 | 0,4 | 16,5 |
Ulstein Verft | 1191,2 | 359,6 | 29,7 | -68,4 |
Aas. Mek Verksted | 989,4 | 1029,5 | 215,7 | 88,7 |
Larsnes Mek. Verksted | 703,4 | 772,3 | 18,9 | 45,1 |
Fitjar Mek. Verksted | 576,1 | 565,9 | 8,5 | 25,7 |
Brødrene Aa (K) | 465,7 | 303,9 | 5,5 | -9,9 |
Sletta Verft | 427,2 | 463,3 | 0,8 | 5,4 |
Myklebust Verft | 420,5 | 1283,6 | 22,4 | 100,9 |
Fiskerstrand Verft | 370,0 | 484,3 | 5,7 | 0,3 |
Båtbygg | 334,8 | 270,6 | 13,0 | 15,2 |
Green Yard Kleven | 275,8 | 145,7 | 10,5 | 6,4 |
Oma Baatbyggeri | 226,1 | 202,2 | 11,3 | -4,5 |
Salthammer Båtbyggeri | 190,8 | 195,5 | 2,2 | 7,8 |
Moen Verft (Moen Marin Service) | 190,8 | 159,8 | 8,3 | 5,9 |
Stadyard | 177,1 | 207,6 | 3,7 | -11,9 |
Vegsund Slip | 147,3 | 191,9 | 14,1 | 23,8 |
Bømlo Skipsservice | 139,1 | 114,1 | -23,1 | -5,5 |
Havyard Leirvik | 134,6 | 235,2 | -24,1 | 8,4 |
Fjellstrand | 121,7 | 239,7 | 5,5 | 13,4 |
Solstrand Verft | 76,3 | 66,9 | 4,5 | 2,4 |
Måløy Verft | 62,5 | 71,0 | -3,3 | 4,1 |
Solund Verft | 58,7 | 49,2 | 2,8 | -3,7 |
Viknaslipen | 56,3 | 56,3 | 1,1 | 1,1 |
Vaagland Båtbyggeri | 52,8 | 94,0 | -1,9 | 5,5 |
SUM | 15011,0 | 15517,9 | 244,3 | -172,1 |
Publisert: 16.08.2024 09:00
Sist oppdatert: 16.08.2024 22:24