Alt Oshaug Metall i Molde produserer, hamnar i havet. Mellom anna på franske fregattar.
Oshaug Metall laga opphavleg støypegods som propellfabrikkar gjorde om til ferdige propellblad og andre delar til propellar og thrustar (propellar plassert inne i ein sylinder. red merk.). No lagar selskapet også ferdige propellblad og andre delar. Det kjem an på kva kunden vil ha. Brunvoll-konsernet, med hovudkontor og fabrikk få kilometer unna, er største kunde - og også i sterk vekst.
– Vi har gått frå å vere ein underleverandør til å vere ein komponentleverandør, seier dagleg leiar og medeigar Stein Berg Oshaug. I dag er selskapet åleine i Skandinavia om å gjer alt frå design til å levere ferdig propellblad og nav, seier Oshaug.
Oshaug Metall, med omlag 50 tilsette, er det viktigaste selskapet i Oshaug-konsernet. Eigarane er brørne Stein Berg Oshaug, Geir Berg Oshaug og Tor Berg Oshaug og søstera Unni Oshaug Aasen.
Oppsving på alt
Førre rekordår for Oshaug Metall, målt i driftsinntekt, var i 2008. Då hadde selskapet 129,5 millionar kroner i driftsinntekt.
I år ligg inntektene an til å ende på mellom 130 og 150 millionar kroner.
– Vi har i øyeblikket ei ordrebok vi ikkje har sett maken til på 15 år, seier Berg Oshaug.
Han seier Oshaug Metall har ei god utvikling i alle marknadar. Mellom anna har offshoremarknaden kome godt tilbake, både for skip til havvindbransjen og den tradisjonelle offshoremarknaden for olje - og gassbransjen.
På toppen av alt kjem veksten i forsvarsmarknaden.
Oshaug sine propellblad er mellom anna å finne på både norske og franske fregattar. Og selskapet har ein avtale med franske Naval Group, som er ein av konkurrentane om å få bygge dei fem-seks nye fregattane Noreg skal erstatte dagens fregattar med. I tillegg til Frankrike konkurrerer Storbritannia, Tyskland og USA bli norsk fregattpartnar. Oshaug seier selskapet ser det slik at det også kan få ei rolle om ein av konkurrentane til det franske alternativet blir vald av norske styresmakter.
| Oshaug Metall as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 114,9 | 89,0 |
| Driftsresultat | 0,9 | -2,8 |
| Resultat før skatt | 2,6 | -5,7 |
Auka lønsemd
Så seint som i 2023 gjekk Oshaug Metall med underskot, og sidan 2010 har resultatet før skatt svinga mellom pluss 4,7 og minus 5,7 millionar kroner.
Med auka inntekt ligg det også an til auka lønsemd.
– Vi er no nærare å optimalisere produksjonsanlegget, seier Oshaug.
Effee-aksjonær
Selskapet Effee i Ålesund er spunne ut av eit samarbeid med Oshaug Metall, og Oshaug-konsernet eig omlag 15 prosent av Effee, ifølgje Berg Oshaug.
Effee vart etablert i 2016 og passerte to million kroner i inntekt i 2020. I 2023 passerte inntektene til Effee-konsernet 65 millionar kroner. (2024-rekneskapen er ikkje offentleg enno)
I fjor fekk Effee ein rammeavtale med Equinor på minst 440 millionar kroner. Equinor skal bruke Ålesund-firmaet Effee Induction sin teknologi for å reparere rør og utstyr medan anlegga er i drift. Det gjer at olje- og energiselskapet slepp dyre nedstengingar medan reparasjonar blir gjort.
Publisert: 25.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 26.05.2025 09:09






