Equinor-avtale for Effee Induction
Verdt 440 millionar kroner. – No er det eit voldsomt aktivitetsnivå, fortel gründaren.
Equinor skal bruke Ålesund-firmaet Effee Induction sin teknologi for å reparere rør og utstyr medan anlegga er i drift. Det gjer at olje- og energiselskapet slepp dyre nedstengingar medan reparasjonar blir gjort.
Rammeavtalen har ein forventa verdi på minimum 440 millionar kroner, skriv Effee Induction i ei pressemelding.
Kontrakta omfattar alle Equinor-anlegg, både til havs og på land. Avtalen er på fire år, med opsjonar på to pluss to år.
Samarbeid
Effee Induction og Equinior har samarbeidd om å utvikle teknologien, som kombinerer avansert materialteknologi, robotsveising og 3D-printing i metall.
Selskapet 3D-skannar delane som skal reparerast, og reknar ut kvar, og til kva temperatur det skal sveisast på, ved hjelp av komplekse materialmodellar.
– Vi opplever at Equinor har oppfordra industrien til bruk av ny teknologi og nye verdikjeder, og har i tillegg satsa på samarbeid med eit relativt ungt teknologiselskap. Effekten av å ha ei slik drivande kraft i denne satsninga er enorm, og vi ser fram til å sjå kva denne rammeavtalen kan skape av utvikling både hos Effee og for Equinor, seier dagleg leiar og grunnleggar Eirik Belland i meldinga.
Ny kapital
Effee Induction har også henta inn ny eigenkapital, og førebur nok ei kapitalutviding til hausten.
Selskapet har i denne omgang fått tilført til saman 180 millionar kroner frå investorar, og mellom anna støtte frå Innovasjon Norge.
Det har teke seg veldig opp, og no er det eit voldsomt aktivitetsnivå
Losna siste halvår i fjor
Effee-sjefen fortel til Nett No at det har teke lengre tid enn venta før den store veksten slo inn for selskapet som har vore omtala som eit av regionens mest spennande veksteventyr.
Første halvår i fjor vart mindre travelt enn dei hadde sett for seg, før det losna i siste halvår.
– Det har teke seg veldig opp, og no er det eit voldsomt aktivitetsnivå. Slik er det når me jobbar med store firma der det gjerne er lange prosessar, legg han til.
-Satsa alt vi hadde
Ideen til teknologien som no har sikre Effe Induction rammeavtalen med Equinor oppsto på ein bransjekonferanse i 2020. Der fekk Effee Induction vite at Equinor haddde teste ut robotsveising og varmebehandling på anlegget sitt på Tjeldbergodden, og var på jakt etter selskapet som kunne vidareutvikle ideen og teknologien.
Ein slik sjanse kjem uhyre sjelden, og Effee Induction greip sjansen og satsa alt det hadde, seir Belland i pressemeldinga.
Starta som tilfeldige samantreff
Bakgrunnen for at teknologiselskapet blei starta av Eirik Belland i 2016, var ei rekke tilfeldige samantreff.
Først miste han jobben i National Oilwell i Molde under nedturen for oljebransjen etter oljeprisfallet i 2014. Deretter blei han med på eit møte med blant andre Stein Oshaug i Oshaug Metall, som han hadde jobba for tidligare.
Det første selskapet starta med, var å utvikle meir effektiv metallstøypeteknologi.
Publisert: 10.05.2024 09:20
Sist oppdatert: 10.05.2024 15:25