Det italienske verftskonsernet Fincantieri har inngått ein intensjonsavtale med det franske cruiseselskapet Ponant om bygging av to nye cruiseskip.
Verdien på kontrakten blir opplyst å vere 300 millionar euro – eller drygt tre milliardar kroner. Avtalen inneheld opsjon på ei tredje skip.
Skipa skal byggjast ved eit av Vard sine norske verft, opplyser Fincantieri i ei .
Skipa skal også få installert batteripakke som gjer at dei kan operere utan utslepp i sårbare område, eller til hamn.
– For første gong i cruiseverda, vil disse to nye fartøya stanse maskinene og alt utslepp av klimagassar i nær ti timar dagleg ved kvart stopp, seier Ponant-direktør Jean Emmanuel Sauvée i pressemeldinga.
I tillegg skal Vard bygge eit ekspedisjonscruiseskip med hybrid framdriftsløysing med moglegheiter for både el- og LNG-drift. Dette skipet skal leverast til Pontant i 2021.
Verdien på kontrakten blir opplyst å vere 300 millionar euro – eller drygt tre milliardar kroner. Avtalen inneheld opsjon på ei tredje skip.
Skipa skal byggjast ved eit av Vard sine norske verft, opplyser Fincantieri i ei .
Opptil ti timar utan utslepp
Dei to skipa skal etter planen leverast i 2022 og vere ei vidareføring av «Ponant Explorers»-skipa, som Vard har bygd tidlegare. Skipa på 11.000 bruttotonn vil ha plass til 230 passasjerar om bord.Skipa skal også få installert batteripakke som gjer at dei kan operere utan utslepp i sårbare område, eller til hamn.
– For første gong i cruiseverda, vil disse to nye fartøya stanse maskinene og alt utslepp av klimagassar i nær ti timar dagleg ved kvart stopp, seier Ponant-direktør Jean Emmanuel Sauvée i pressemeldinga.
Har fleire skip i ordreboka
Vard har allereie levert fire skip av same serie til Ponant, som ble levert i 2018 og 2019. Det norske verftskonsernet har ytterlegare to systerskip i ordreboka som skal leverast neste år.I tillegg skal Vard bygge eit ekspedisjonscruiseskip med hybrid framdriftsløysing med moglegheiter for både el- og LNG-drift. Dette skipet skal leverast til Pontant i 2021.
Les også:
Publisert: 21.11.2019 08:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45