Vard-kontrakt på to skip til havvind
Verftskonsernet har sikra oppdrag for nytt samarbeidsselskap.
Vard har sikret seg oppdraget med å bygge og utruste to skip for havvindmarknaden for Windward Offshore.
Fartøya vil ha batteripakkar om bord og vere budd til å bli drifta på metanol.
Nytt samarbeidsselskap
Oppdragsgivaren er eit nytt partnarskap under etablering som blir leia av ASSC sin offshoregrein i Tyskland. Blue Star Group GmbH & Cie KG, Diana Shipping Inc, Seraverse GmbH og Searenergy Offshore Holding GmbH er med i samarbeidsselskapet.
Searenergy blei etablert i 2010 og har samarbeida med Vard sidan 2015, då selskapa starta å jobbe med potensielle prosjekt for skip til havvindmarknaden.
Les også
Har opsjon på to skip til
Skroget til det første skipet blir bygd ved Vard sitt verft i Romania, og utrusta ved eit av konsernet sine norske verft. Det skal bli levert i andre kvartal 2025.
Skip nummer to blir bygd og utrusta ved Vard sitt verft i Vietnam.
Windward Offshore har også opsjon på to skip til.
Betydeleg utstyrspakke frå Vard Electro
Skipa blir 87,5 meter lange og 19,5 meter breie og vil bli utstyrt med en høgdejusterbar gangbru med heissystem for å overføre gods og personar til installasjonar og arbeidsbåter
Vard 4 19-designet er utvikla av Vard Design i Ålesund og er en allsidig plattform for serviceoperasjoner ved havvindparkar.
Inkludert i leveransen er ein omfattande «SeaQ»-utstyrspakke frå Vard Electro som inkluderer system for energiforsyning, bru og kommunikasjon.
Publisert: 23.10.2023 15:23
Sist oppdatert: 23.10.2023 16:01