
To statsrådar på Vard-besøk
Kjem for å diskutere kjempeinvesteringar til forsvaret.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram og finansminister Trygve Slagsvold Vedum besøker Vard Langsten-verftet måndag 23. september.
Dit kjem dei for å diskutere den nye langtidsplanen for forsvaret som inneberer ei storstilt satsing på nye militære fartøy, ifølgje ei melding frå verftskonsernet.
Vil bygge fregattar
Vard er mellom aktørane i den maritime industrien som vil ta del i oppdraga som i den nye langtidsplanen til forsvaret, som mellom anna inkluderer 10 havgåande skip og 18 fartøy for kystnære operasjonar.
Konsernet meiner det også er mogleg å bygge fregattar i Norge, og vil fortelje dei to statsrådane moglegheitene for at Vard bygger slike fartøy i kompaniskap med eigarane i Fincantier.
Det italienske storkonsernet skal mellom anna bygge minst 20 fregattar for den amerikanske marinen – meiner Vard at dei kan bygge dei same fartøya i Norge. Fincantieri og Vard la tidlegare i år fram design til ein ny serie militære skip kalt Resilience.

Meiner det hastar med ei avgjerd
For augneblinken jobbar forsvaret med å finne ut kva for krav dei skal stille og korleis oppdraga skal utformast.
Dialog og samarbeid vil vere ein nøkkel for å kome fram til dei beste løysingane, meinte seksjonssjef for sikkerheit og beredskap, Knut Tore Otterlei, i Forsvarsmateriell Maritime Kapasiteter då han nyleg besøkte Ålesund.
Forsvarspolitisk talsperson for Høgre, Hårek Elvenes, meinte det hasta med å ta ei avgjerd om milliardsatsinga. Han trur avgjerda om ein flåteplan og val av leverandørar vil bli lagt fram før neste sommar.
Publisert: 17.09.2024 10:04
Sist oppdatert: 17.09.2024 10:02