Havila Capella jomfrutur Mjølstadneset velkomst foto kjetil 11
VELKOMSTKOMITE: Mange var møtt fram for å ta i mot skipet på sin første Bergen-Kirkenes-seglas. Utpå ettermiddag kjem skipet til Ålesund. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Tok imot kystruteskipet ved «heimekaia»

Flagg og hurrarop då Havila Capella la kai ved Mjølstadneset på jomfruturen.

Tidleg måndag morgon litt etter klokka ni la Havila Capella til ved Mjølstadneset i Herøy. Mange var møtt opp med norske flagg og helsa skipet velkomen med hurrarop.

Følg AIS-sporinga frå skipet (ekstern lenke)

Det første skipet til Havila Kystruten la frå kai i Bergen søndag og skulle etter planen kome til Mjølstadneset ved 8.20-tida. Men på grunn av seine passasjerar og koronatesting, kom Havila Capella avgarde frå Bergen vel ein halv time etter planen.

Sjølv om kystruteskipet legg til på Mjølstadneset måndag, er den vanlege stoppestaden for seglasene framleis i Torvik.

Det er likevel ingen hemmelegheit at Havila-eigar Per Sævik gjerne ønsker å skifte stoppestad til Mjølstadneset i framtida.

Heile formannskapet i Herøy var invitert om bord under stoppet på Mjølstadneset. Eit stort pressekors var også om bord.

(saka held fram under)

Per sævik landgang havila capella mjølstadneset foto kjetil 22
GJEKK I LAND: Reiar Per Sævik blei mellom anna møtt av sonen Njål (t.h.) på Mjølstadneset måndag morgon. NETT NO skal segla med skipet til Tromsø og rapportere undervegs. Foto: Kjetil Haanes

Konkurranse for Hurtigruten
Havila Kystruten skal i alt få fire skip på strekninga, men dei to første har vore kraftig forseinka.

Hurtigruten skal trafikkere kystrutestrekninga med sju skip, og får for første gong konkurranse på strekninga.

Avtalane er inngått for perioden 2021–2030 med opsjon om å forlenge avtalen med eitt år. Den totale kontraktsummen er på til saman 788 millionar kroner i året.

Per Sævik seier at han er sikker på at satsinga vil verte godt tatt imot av folket langs kysten.

- Det har vore ein bratt oppoverbakke, men no ser vi framover. Vi er optimiske.

Havila capella mjølstadneset rita sævik foto kjetil 11
ØNSKA VELKOMEN: Herøy-reiar Rita Sævik var mellom dei som tok i mot skipet på Mjølstadneset. Foto: Kjetil Haanes

Nominert til berekraftpris
Reiarlaget har lagt vekt på at dei nye skipa dei sett inn på Bergen-Kirkenes er meir miljøvenlege enn dei konkurrenten Hurtigruten har i trafikk for augneblinken.

Kystruten-skipa skal segle på en kombinasjon av batteri og naturgass slik at CO2-utsleppa blir redusert med 25 prosent. Fartøya kan mellom anna segle opptil fire timar på batteri.

Førre veke blei det kjent at skipet er mellom dei nominerte til Nor-Shipping-prisen «Next Generation Ship Award».

Saka blir oppdatert

Publisert: 13.12.2021 09:10

Sist oppdatert: 13.12.2021 11:56

Mer om