Bbl4zajieem9ma4vurrs
JOMFRUTUR: Havila Capella har starta på jomfruturen Bergen - Kirkenes. Foto: Havila Kystruten
Nytt

La ut på jomfruturen

Søndag kveld la Havila Capella frå kai i Bergen.

12.12.2021

Adm. dir. Bent Martini i Havila Kystruten seier i ei pressemelding at det er ein merkedag..

- Når vi no kjem med eit nytt reiarlag, det første nye skipet på atten år og det også er ytterlegare tre nye skip i vente, så trur eg vi skal våge å seie at den 12.12.21 er en historisk dag både for Havila Kystruten og for kystruta Bergen-Kirkenes.

Måndag morgon kjem skipet fram til Mjølstaneset i Herøy, og skal leggje til like ved Havila Kystruten sitt hovedkontor, før turen går vidare.

Om bord er det ei rekke inviterte gjestar.

Markering i kvar hamn
Selskapet opplyser at jomfruturen ikkje vert med den festivitasen som ein hadde håpa på. Bakgrunnen er koronapandemien, der det er sett i verk ei rekke tiltak for å hindre smittespreiing.

- Vi hadde hatt så lyst til å invitere til ope skip og ønske velkomen om bord til å sjå på det nye, flotte skipet vårt, men vi har nå ein smittesituasjon som gjer at vi må trå varsamt og ha same reglar for besøk om bord som andre som trafikkerer langs kysten, seier Martini.

Han opplyser at det likevel blir ei lita markering i alle hamner med overlevering av rederivimpel til hamn og kommune som eit symbol på at Havila Kystruten no blir ein del av trafikken i mange år framover.

Publisert: 12.12.2021 20:42

Sist oppdatert: 13.12.2021 01:46

Mer om