Toppduell om formuesskatten
Kari Elisabeth Kaski frå SV og Jan Endre Vartdal frå Vartdal Plast er i panelet på Næringskonferansen Søre Sunnmøre.
Omlag 260 er påmeldt til årets næringskonferanse i Ørsta, som torsdag 21. mars bli arrangert for ellevte gang.
Formuesskatt er eit tema som engasjerer på Nordvestlandet, eit engasjement som mellom anna har ført til etableringa av Aksjon for norsk eierskap, og til eigedomsinvestor Lars Oscar Fossen Øvstegård sitt planlagte søksmål mot staten.
I tillegg til Vartdal og Kaski har arrangøren fått med seg stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet, finanspolitisk talsperson Hans Andreas Limi fra Framstegspartiet, Spilka Industri-sjef Terje Bøe, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og dagleg leiar Geir Høydalsvik i Reknehuset.
Dagleg leiar Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen skal leie debatten.
Svekkar nasjonal eigarskap
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 Gruppen er første foredragshaldar etter debatten på konferansen.
Ho har også markert seg i diskusjonen om formuesskatt og deltok på skipingsmøtet for Aksjon for norsk eierskap i fjor.
I dag er det berre Sveits og Spania - i tillegg til Norge - som har ei form for formuesskatt på det å eige bedrifter, og skattetrykket er lågt samanlikna med Norge, sa ho på skipingsmøtet.
– Det har vore ei oppvakning fordi dei har sett at formuesskatten svekker den nasjonale eigarskapen i næringslivet, sa Holvik.
Blant dei øvrige foredragshaldarane på konferansen er tidlegare statsminister i Sverige, Göran Persson og Norwegian Group-grunnleggar Kay Ove Johansen.
Publisert: 18.03.2024 10:04
Sist oppdatert: 18.03.2024 11:37