22. og 23. september er det fjerde året at Sogn og Fjordane Energi saman med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen Sogn og Fjordane arrangerer kraftkonferansen Kraft i Vest på Sandane.
Årets program er no klart og her vert det mellom anna sett søkjelys på kva retning pilane for kraftmarknaden peikar framover, kva rolle krafta kan spele i framtidig verdiskaping, og kva teknologiar som hydrogen, husbatteri og digitalisering kan bety for framtidas kraftsystem.
Dette opplyser arrangørane i ein pressemelding onsdag.
På programmet finn ein også leiar for Finans Norge, Idar Kreutzer, visesentralbanksjef Egil Matsen, Rasmus Hansson, nasjonal talsperson for Miljøpartiet de Grønne, og Jarkko Ahlbom, strategisjef for nullutslepp i Nissan Nordic Europe.
I 2015 deltok meir enn 250 deltakarar på konferansen i Trivselshagen på Sandane, og konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, seier ambisjonen med konferansen er klar.
- Vi held til i den kanskje viktigaste regionen for fornybar energi i Noreg, og i dette biletet er vår klare ambisjon at Kraft i Vest skal vere denne regionen sin viktigaste arena for diskusjon og læring om fornybar energi.
- Dette er ein konferanse for mange fleire enn kraftbransjen. Vi opplever å vere relevante for både eigarkommunar, myndigheiter, industri, leverandørar og andre som har interesse for denne næringa, seier Rauboti, i pressemeldinga.
Nytt av året er eit eige småkraftseminar i tilknyting til konferansen, med aktuelle tema som rettar seg spesielt mot dei mange småkrafteigarane i regionen.
Årets program er no klart og her vert det mellom anna sett søkjelys på kva retning pilane for kraftmarknaden peikar framover, kva rolle krafta kan spele i framtidig verdiskaping, og kva teknologiar som hydrogen, husbatteri og digitalisering kan bety for framtidas kraftsystem.
Dette opplyser arrangørane i ein pressemelding onsdag.
Energimelding
Ein av hovudinnleiarane i år er olje- og energiminister Tord Lien, som vil dele sine tankar kring utviklinga av kraftnæringa i lys av energimeldinga.På programmet finn ein også leiar for Finans Norge, Idar Kreutzer, visesentralbanksjef Egil Matsen, Rasmus Hansson, nasjonal talsperson for Miljøpartiet de Grønne, og Jarkko Ahlbom, strategisjef for nullutslepp i Nissan Nordic Europe.
I 2015 deltok meir enn 250 deltakarar på konferansen i Trivselshagen på Sandane, og konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, seier ambisjonen med konferansen er klar.
- Vi held til i den kanskje viktigaste regionen for fornybar energi i Noreg, og i dette biletet er vår klare ambisjon at Kraft i Vest skal vere denne regionen sin viktigaste arena for diskusjon og læring om fornybar energi.
- Dette er ein konferanse for mange fleire enn kraftbransjen. Vi opplever å vere relevante for både eigarkommunar, myndigheiter, industri, leverandørar og andre som har interesse for denne næringa, seier Rauboti, i pressemeldinga.
Nytt av året er eit eige småkraftseminar i tilknyting til konferansen, med aktuelle tema som rettar seg spesielt mot dei mange småkrafteigarane i regionen.
Dette er ein konferanse for mange fleire enn kraftbransjen
Publisert: 22.06.2016 15:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






